Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180129/ARTICLE/180129946

Acer-striden

Av KJELL-ERIK N. KALLSET

Publiseringsdato: Mandag 29. januar 2018

Seksjon: Lederen

• «Det vil være fullstendig galskap å avstå suverenitet over kraft­ressursene til Acer», sa leiaren i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl, til Klassekampen fredag. Han arbeider sjølv ved Hydro Aluminium i Årdal, ei av mange kraftkrevjande industribedrifter som er avhengige av rimeleg norsk vasskraft for å behalde produksjonen og arbeidsplassane. Ei lang rekke av Aps fylkespolitikarar er sterkt kritiske til norsk tilslutning til Acer, i motsetning til partiets energipolitiske talsperson Espen Barth Eide. Acer er EUs byrå for samarbeid om energiregulering, som skal vera ein del av EUs energiunion. Sidan Sp, Raudt, SV, MDG og KrF er kritiske til Acer, kan Ap bestemme utfallet av saka når ho blir behandla i mars.

• Dei to hovudargumenta mot tilslutning til Acer er at straumen vil bli dyrare og at Norge vil gi frå seg meir suverenitet. Ein rapport frå De Facto, kunnskapssenteret for fagorganiserte, legg vekt på at målet til EU er at energi skal flyte fritt over landegrensene, at prisforskjellane på straum skal jamnast ut og at Norge kan bli pålagt å bygge fleire kraftkablar til utlandet. De Facto hevdar at Norge kan gå frå å vera eitt av landa med lågaste straumpris, til å bli eitt av dei med den høgaste, noko som vil ramme både forbrukarane og industrien. Dette blir blankt avvist av regjeringa, som tvert om hevdar at det berre kan bli ein marginal prisauke.

• Norsk tilknyting til Acer og utviklinga av ein energiunion vil føre til at Norge mistar nasjonal kontroll på eit område der vi i fleire samanhengar har motstridande interesser med EU. For å hindre at Norge formelt sett skal gi frå seg suverenitet til Acer og EU, legg regjeringa opp til at det skal opp­rettast eit uavhengig organ i NVE kalla Reguleringsmyndigheten for energi (RME). Avgjerder frå Acer skal via EØS-avtalens overvakingsorgan sendast til dette RME, som deretter skal fatte eit likelydande vedtak. Jussprofessor Eivind Smith er sterkt kritisk til denne konstruksjonen i eit intervju i dagens avis. Stortinget bør lytte til kritikken frå Smith og handsame saka etter paragraf 115 i Grunnlova. Det beste vil vera at Stortinget seier nei til norsk tilslutning til Acer.