Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180124/ARTICLE/180129969

• Høgtløna i kommunane har opplevd lønsfest n Fagforbundet vil stogge festen

Sjefane stikk av med mest

Av Gunnar Wiederstrøm, Bergen

Publiseringsdato: Onsdag 24. januar 2018

Seksjon: Innenriks

KREV STYRING: Forbundsleiar Mette Nord i Fagforbundet meiner dei lokale lønsforhandlingane trugar solidariteten i oppgjera i kommunesektoren. FOTO: TOM HENNING BRATLIE

STORE TILLEGG: På tolv år har sjefar og akademikarar i kommunesektoren hatt ein lønsvekst som er om lag 15 prosentpoeng betre enn dei andre tilsette.

lønsoppgjer

– Vi svekker heile grunnlaget for det solidariske systemet om nokre stikk ifrå. Når dei med mest løn får dei høgaste lønstillegga og i tillegg får mest i skattelette, så går ikkje det over tid. Det vert særs problematisk, seier leiar i Fagforbundet Mette Nord.

Årsaka til at dei best løna kjem så godt ut, er at akademikar- og leiarløner frå 2002 vart trekte ut av dei sentrale lønsforhandlingane. Desse stillingane fekk i staden løna regulert i lokale forhandlingar.

Denne lokale lønsdanninga vart starten på ei lønsutvikling dei som tener mest, har grunn til å vere nøgde med. Det syner tal Klassekampen har henta inn frå interesseorganisasjonen til kommunane, KS.

Mange små bekkar

Leiarane og akademikarane har kvart år sidan 2004 hatt ein årslønsvekst som er noko høgre enn tilsette elles i kommunesektoren. Sett over nokre år vert skilnaden stor.

Frå 2004 til 2016 har sjefane hatt ein lønsvekst som totalt er 13 prosentpoeng høgare, akademikarane 16,6.

Leiarar i kommunesektoren tener i gjennomsnitt 230.000 kroner meir enn snittinntekta for tilsette elles i kommunal sektor, akademikarar 130.000 meir. Det gjer at lønsveksten i kroner er mykje større for desse gruppene.

50.000 kroner mindre

Tek ein utgangspunkt i ei inntekt på 300.000 vil skilnaden i løn i 2012 vere heile 50.000 kroner om ein samanliknar ein akademikar med tilsette elles i kommunal sektor.

Jan Davidsen var forbundsleiar i Norsk Kommuneforbund, no Fagforbundet, då ordninga vart innført.

– Vi ønskte ikkje lokal lønsdanning for desse gruppene. Vi meinte det undergrov den sentrale lønsavtalen, seier han.

Hadde forbundet sagt nei då dette låg inne i meklingsprotokollen i 2002, ville det ha vorte streik. Det ynskte ikkje Fagforbundet og slik sleppte lønene fri. Fagforbundsleiar Mette Nord likar ikkje utviklinga.

– Holden-utvalet la i 2013 vekt på at alle oppgjer skulle vere lojale til ei ramme som bidrog til at industrien kunne vere konkurransedyktig. Det føreset at alle er solidariske i høve til lønsveksten i frontfaga. Gjeld ikkje det for alle grupper i kommunal sektor, er det sjølvsagt problematisk. Skal vi få aksept for ramma frå dei tyngste gruppene i kommunane, må leiinga også respektere rammene, seier ho.

Krev betre styring

Ho vil ha betre kontroll med den lokale lønsdanninga.

– Eg skal ikkje forskottere det komande oppgjeret, men vi er opptekne av at lønsskilnadene ikkje skal verte for store. Då må vi ha betre styring og kontroll med dei lokale forhandlingane.

Forhandlingsdirektør i KS, Hege Mygland meiner lønsveksten dei første åra etter 2002 var naudsynt.

– Fleire akademikargrupper hadde før 2002 ein låg lønsvekst i kommunesektoren og det var vanskeleg å rekruttere. I dagens marknad er det til dømes enklare å rekruttere ingeniørar, og vi ser også at skilnadane i tillegg har vore mindre.

KS meiner dei har gjort sitt for å få betre kontroll med den lokale lønsdanninga.

– Vi har saman med fagforeiningane avtalt tariffpolitiske føresetnadar om å sjå hen til lønsveksten i kommunesektoren og andre samanliknbare tariffområde, seier ho.

Ho syner til eit rundskriv som KS har sendt ut til alle kommunane om vilkåra for dei lokale forhandlingane.

– Vi legg til grunn at dette vert følgd opp i dei lokal lønsforhandlingane. Det vi har av lønsstatistikk frå 2016 tyder på det. Vi er ein del av det inntektspolitiske samarbeidet og føl lojalt dei føringane som gjeld for lønsoppgjera for å sikre at frontfaga skal vere lønsleiande, seier Mygland.

Jan Davidsen, som no leiar Pensjonistforbundet seier skeivutviklinga har gått for langt.

– Omfanget er altfor stort, og ho har utvikla seg slik vi frykta. Lønsveksten kvart år har vore opp til eit prosent høgre enn for dei hovudtyngda av dei tilsette kvart einaste år. Det aukar lønsskilnadene i kommunesektoren.

gunnarw@klassekampen.no