Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171209/ARTICLE/171209948

Lastverk

Av Kjell-Erik N. Kallset

Publiseringsdato: Lørdag 9. desember 2017

Seksjon: Lederen

• Stortinget sette torsdag eit førebels punktum for kommune- og regionreformene. Etter desse vedtaka vil Norge ha gått frå 428 til 359 kommunar og frå 19 til 11 fylke. Samanslåing av kommunar har vore eitt av dei viktigaste prestisjeprosjekta til regjeringa, og det er ingen tvil om at dei blåblå ønskte – og ønsker – å få langt færre enn det som no blir resultatet. Høgre og Frp har hatt hastverk, regjeringa har nytta omfattande politisk og økonomisk press, og dei har fått med Venstre og KrF på å bruke tvang mot kommunar og fylke.

• Det er gledeleg at KrF snudde, slik at Stortinget gjorde om tvangssamanslåinga av Leka og Bindal. Dermed blir ikkje Bindal tvangsflytta frå Nordland til Trøndelag. Likevel er det trist at dei andre tvangsvedtaka blir ståande. Mest absurd i så måte er Forsand kommune i Rogaland, som Klassekampen skriv grundig om i dag. Kommunen fatta med knappast mogleg fleirtal vedtak om frivillig saman­slåing med Sandnes, men fleirtalet snudde før fristen. Trass i at fleirtalet ville vedta nei til Sandnes, nekta ordføraren å handsame saka i kommunestyret, noko Fylkesmannen har slått fast var ulovleg. Torsdag gjekk likevel stortingsfleirtalet imot å reversere tvangssamanslåinga av Forsand og Sandnes. Det er uforståeleg at Arbeidarpartiet var med i dette fleirtalet, i og med at partiet prinsipielt er imot tvang. Grunnen Ap gir, er at Forsand hadde eit positivt vedtak da reforma vart vedtatt i Stortinget. Dermed syter Ap for at eit ulovleg grep frå ordføraren fører til at den lokale politiske viljen blir sett til sides. Tilfellet Forsand illustrerer kor splittande reforma har verka og viser at hastverk har vorte lastverk.

• Kommunesamanslåingane skal fortsette, har regjeringa varsla. Det kan likevel ikkje skje på same vis som vi har sett, etter at KrF sikra fleirtal for at nye samanslåingar «skal utelukkende bygge på frivillighet». Stortinget vedtok også at det ikkje skal brukast økonomisk tvang for å få fleire samanslåingar. Tvang mot kommunar og fylke har skapt vondt blod og vil skape problem i lokalsamfunna framover. Historia vil vise at det er uklokt å køyre over den lokale folkeviljen.