Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171204/ARTICLE/171209990

Kolberg

Av Kjell-Erik N. Kallset

Publiseringsdato: Mandag 4. desember 2017

Seksjon: Lederen

• Arbeidarpartiet er i ei djup krise, og situasjonen er verre enn etter katastrofevalet i 2001, sa tidlegare partisekretær Martin Kolberg til Klassekampen laurdag. Han fryktar at Ap er i ferd med å gløyme det ideologiske grunnlaget, og peikar på tre grunnar til valnederlaget: Ap var utydeleg i konflikten mellom arbeid og kapital. Det var uklart om ein ønskte ei raudgrøn regjering. Dessutan vart Ap for likt høgrepartia, etter forlik om forsvar, kommunar, politi og innvandring. Det er oppsiktsvekkande at så krass kritikk, som i realiteten er retta mot dagens partileiing, kjem frå ein som har hatt ein så sentral posisjon. Som partisekretær var Kolberg, saman med daverande LO-leiar Gerd-Liv Valla, sentral i Ap-gjenreisinga etter 2001, sjølv om dei to ikkje vil gi kvarandre noko av æra for dette. Saman med krefter i LO, AUF og på grunnplanet i Ap, la dei kursen ein del til venstre, styrkte banda til fagrørsla – og bana veg for det raudgrøne samarbeidet.

• Martin Kolberg har neppe rett i at krisa er djupare no enn i 2001. Da hadde Ap tatt makta på ei miljøsak som det stod intern strid om, og regjeringa dreiv storstilt privatisering som medlemmene var imot. Det vart tukla med sjukelønna og konflikt om forholdet til LO. På toppen av alt stod det ein bitter leiarstrid. I år gjekk Ap til val på auka skatt og meir velferd, og LO fekk det dei peikte på. Mens berre 38 prosent av LO-medlemmene stemte Ap i år, var talet heilt ned i 33 prosent i 2001. Sjølv om det stod enda verre til i 2001, er det uklokt å avfeie kritikken frå Kolberg. Ap er i krise når så få i LO stør partiet, og likskapen med 2001 er at avstanden frå partitoppar til veljarane er for stor. Ap er ikkje ein god nok reiskap for vanlege folk. Sjølv om Ap i dag ligg til venstre for Stoltenbergs første regjering, har Kolberg rett i at konflikten med høgresida ikkje er klar nok. Det stemmer nok også at for få leiande Ap-folk har bakgrunn frå vanleg arbeid, slik Jørn Eggum i Fellesforbundet meiner.

• Dei 55.000 medlemmene er den aller største styrken til Arbeidarpartiet. Viss det er noko valnederlaget i år viser, er det at Ap må vinne val ved at vanlege folk og interessene deira får forme politikken.