Print URL: http://501-kkweb.newscyclecloud.com/article/20171123/ARTICLE/171129983

Klasse og val

Av Kjell-Erik N. Kallset

Publiseringsdato: Torsdag 23. november 2017

Seksjon: Lederen

• Valnederlaget til Ap har denne veka vorte diskutert av toppane i partiet og i LO på kartellkonferansen til LO Stat på Gol. Samtidig har statsvitaren Tor Bjørklund lagt fram tal som viser noko av kva som har gått gale for Ap, iallfall over tid. Bjørklund fekk i haust stilt eit meiningsmålingsspørsmål om kva klasse folk sjølve reknar seg til, over-, middel- eller arbeidarklassen. Det same spørsmålet har vorte stilt i ei rekke valundersøkingar sidan 1965 og gir interessante svar: Langt færre ser seg no som ein del av arbeidarklassen enn for 50 år sidan, sjølv om dette har vore ganske stabilt etter 2001. Dessutan har venstresida mista grep om dei som meiner dei tilhøyrer arbeidarklassen, mens fleire no stør høgrepartia. To tredelar av Ap-veljarane sa i 1965 at dei høyrer til arbeidarklassen, mot ein tredel i dag.

• Ap slutta å nytte omgrepet klasse etter krigen, i ei tid der velstanden auka og klassemotsetningane vart mindre. Eitt av poenga til Bjørklund er at dette kan ha svekt klassemedvitet og slik bidratt til at nye forskjellar utvikla seg, noko historikaren Francis Sejersted har lagt vekt på. Sidan nyliberalismen på 1980-talet har forskjell i inntekt og formue auka både i Norge og andre land. Forskinga til Thomas Piketty og andre har vist stigande ulikskap og auka klasseforskjellar.

• Partia til venstre har ikkje klart å få mange nok arbeidsfolk til å sjå at dei har økonomiske eigeninteresser som strir mot det Høgre og Frp står for. Kanskje er det fordi dei har for få arbeidarar i sentrale posisjonar, slik Mette Nord i Fagforbundet vil endre på. Kanskje har ikkje venstresida politikk som folkefleirtalet opplever viktig nok. Og kanskje manglar venstresida ord og omgrep som skal til. Tor Bjørklund har nok rett i at det er uråd å vinne tilbake veljarar med «gammel arbeiderklasseretorikk». Likevel bør venstresida få klarare fram motsetningane mellom vanlege folk og rikfolk, ved sidan av verdiane partia står for. Ap har lånt slagordet «Alle skal med» frå Sverige. I staden kan dei la seg inspirere av den skarpare haldninga som ligg bak Labours «For the many, not the few». Norsk venstreside må vise klarare at dei kjempar for dei mange, ikkje dei få.