Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171120/ARTICLE/171129999

• KrF i Østfold og Buskerud ber partiet snu om Viken • Men Akershus seier nei

Strid i KrF om Viken

Av Anne Kari Hinna og Jens Kihl

Publiseringsdato: Mandag 20. november 2017

Seksjon: Innenriks

PINE: KrF-leiar Knut Arild Hareide er blant arkitektane bak regionreforma, men fleire i partiet tar til orde for å stoppa Viken når Stortinget på ny skal avgjera saka.Foto: Frida Holsten Gullestad

OMKAMP: Regjeringspartia, KrF og Venstre oppretta gigantfylket Viken på Aust­landet. No vurderer KrF å snu om ­millionregionen rundt Oslo.

REGION- REFORM

Opprettinga av gigantregionen Viken – ei tvangssamanslåing av Buskerud, Akershus og Østfold, er blitt Kristeleg folkepartis store hovudpine denne hausten.

Opposisjonen har nemleg invitert til omkamp og KrF har stemmene som trengst for å skrinleggja Viken, fylket som dei færraste vil ha.

Stortingsgruppa til KrF har framleis ikkje konkludert i saka, men Klassekampen veit det er sprikjande syn i stortingsgruppa om regionreforma.

FAKTA

Regionreforma:

• Vedtatt på Stortinget i juni. Inneber at nitten fylke er erstatta av elleve regionar.

• Nordland (240.000), Møre og Romsdal (265.000) og Nord-Norge (241.000) blir dei minste regionane, mens Viken med sine nær 1,2 millionar innbyggarar blir størst.

• Opposisjonen på Stortinget har fremja fleire forslag om deling/at fylka sjølv skal få bestemma.

• Kommunalkomiteen skal levera si innstilling i sakene torsdag 30. november.

Stort nederlag

Regionreforma, som inneber færre og større fylke, var KrF og Venstre sin reform. Tanken er at store regionar skal stoppa sentraliseringa inn mot Oslo.

Til Klassekampen sa partileiar Knut Arild Hareide nyleg at hovudjobben framover blir å få fleire oppgåver ut til regionane.

– Det vil vere eit stort nederlag om vi ikkje lukkast med regionreforma, sa han.

Men også i KrF meiner mange at Viken, som får 1,2 millionar innbyggjarar, er blitt i største laget – dobbelt så stor som Oslo, det nest største fylket.

Stortingsgruppa til KrF diskuterer i desse dagar om det er mogleg å stoppa opprettinga av Viken – utan at det veltar heile reforma.

To for og ein mot i Viken

Blant dei tre involverte fylkeslaga, er to for og eit i mot.

Både fylkesleiar i KrF Buskerud Hege Irene Fossum og fylkesleiar i Østfold Brynjar Høidebraaten ber stortingsgruppa om å snu om Viken, mens fylkesvaraordførar i Akershus Lars Salvesen (KrF) åtvarar mot å gjera endringar i det nye regionkartet.

– Saka er ikkje endeleg avgjort. Me har vore i dialog med stortingsgruppa og ventar på ei avgjerd. Det er ikkje ei enkel sak som dei tar lett på, seier Høidebraaten i Østfold KrF.

Han seier Østfold KrF ønsker å dela Viken. Han understrekar at Østfold KrF er open for å gjera det på ulike måtar.

– Me i Østfold KrF ønsker å dela Viken i to. Me har ikkje sagt noko om korleis me ser for oss det kan gjerast. Østfold eller Buskerud kan stå aleine, eller ein kan la alle fylka stå aleine. Eller dela Akershus, seier han.

Grip til gamle grenser

Han meiner det er ei svakheit ved regionreforma at det er dei gamle fylkesgrensene som dannar grunnlaget for dei nye regiongrenser.

– Heile regionreforma er blitt slik at ein ikkje teiknar nye regiongrenser, ein pussar berre ut nokre grenser mellom fylka. Ein burde sett grundigare på dette, seier han.

Også statlege etatar er i gang med å vurdera nye grenser, som konsekvens av regionreforma.

Som Klassekampen skreiv før helga, har Arbeids- og velferdsetaten (Nav) derimot bestemt seg for å dela Viken i to.

Fossum, fylkesleiar i Buskerud KrF, synst det er interessant.

– Det gir eit signal om at fleire aktørar ser at det er lite føremålstenleg med Viken som ny region, seier ho, som meiner Stortinget bør gjera det same.

Salvesen, som sit på fylkestinget for KrF i Akershus og er fylkesvaraordførar, seier derimot at Viken er vedtatt og er svært kritisk til å dela Akershus.

– Me er opne for å finna løysingar, men me synst det er ei dårleg løysing å dela Akershus i to. Det løyser ikkje utfordringane me har i høve til Oslo, seier han, men han er einig i at det er ei utfordring at regionen får 1,2 millionar innbyggjarar.

– Men no har KrF gått inn for denne avtalen på Stortinget, då har det ingen hensikt å reversera det, seier han.

Ikkje representert

Skjebnen til Viken ligg uansett i hendene på KrF-politikarar som ikkje kjem frå dei tre fylka.

KrF har ikkje representantar på Stortinget frå Østfold, Buskerud eller Akershus lenger. Salvesen meiner det er eit stort problem.

– Det verste eg kan tenka meg er at det sit ein gjeng vestlendingar som tenker at dei veit korleis Austlandet skal vera. Eg er uroa for at dei ikkje forstår korleis samspelet med Oslo fungerer, seier han, men legg til at fylkeslaga er blitt involverte godt i prosessen som går føre seg i stortingsgruppa til KrF.

– KrF er i ein ny posisjon, meir fristilt, på vippen. No forsøker ein å finna ut kva rolle ein skal ha. Dette er både forbanninga og velsigninga å vera på vippen, seier Salvesen, og legg til.

– Me trur på den sunne fornuft. Men det er ikkje avgjort.

anneh@klassekampen.no