Print URL: http://501-kkweb.newscyclecloud.com/article/20171115/ARTICLE/171119978

Skipsverft hentar inn leigearbeidarar i staden for å nytte permitterte:

Fryktar faste må gå

Av Gunnar Wiederstrøm (tekst og foto), Omastrand

Publiseringsdato: Onsdag 15. november 2017

Seksjon: Innenriks

NYTT OPPDRAG: Hjå Fjellstrand har dei starta oppdraget med overbygget til ei ny elferje, men det skjer utan bruk av permitterte. Dei skal midlertidig gjere forefallande arbeid.

SJAU: Fjellstrand verft vil ikkje nytte permitterte arbeidarar til nye oppdrag. LO fryktar at verksemda vil kvitte seg med alle fast tilsette.

arbeidsliv

– Vi kan ikkje akseptere at permitterte vert vraka medan verksemda tek inn leigearbeidarar, seier organisasjonssekretær i Fellesforbundet, Rune Alne.

I dag møter han leiinga ved Fjellstrand verft, og kravet er klart: Så lenge verksemda tek inn leigearbeidarar, skal alle dei permitterte tilbake i jobb.

FAKTA

Fjellstrand verft:

• Fjellstrand verft i Omastrand var den største produsenten av snøggbåtar i aluminium i landet.

• Då aktiviteten var på topp, hadde verftet 250 tilsette.

• Dei siste åra har produksjonen falle og i 2017 er det berre om lag 50 tilsette.

• Verksemda har hatt underskot på drifta dei tre siste åra.

• I 2014 leverte verftet den første elferja i landet. No skal verftet byggje ei ny som skal stå ferdig i 2018.

Sosial dumping

Fjellstrand skal byggje ei ny elferje. Skroget skal byggjast i Polen, overbygget på verftet i Omastrand. Det vil gje arbeid til 22 mann i seks månader.

Dei permitterte trudde dei ville komme i arbeid att, men leiinga ville ikkje. I eit møte med verkstadklubben 30. august opplyste leiinga at NV Service, eit polsk bemanningsbyrå, var aktuelt for oppdraget.

I fleire drøftingsmøte kravde verkstadklubben at dei permitterte måtte få arbeidet, men leiinga heldt på sitt og gav oppdraget til NV-Service.

I Fellesforbundet har dei lenge vore skeptiske til bruken av NV Service, som dei meiner driv sosial dumping. Dei er også kritiske til bruk av permitteringar og oppseiingar som dei meiner bryt Hovudavtalen.

I januar i år sa verksemda opp elleve tilsette, men måtte trekkje oppseiingane då dei ikkje støtta krava i Hovudavtalen.

I sommar tok verksemda inn tilsette frå NV Service medan permitterte sat i nabolaget og venta på arbeid.

30. august vart den hovudtillitsvalde på verftet oppsagt for andre gong fordi han ikkje hadde meir permisjonstid.

Krev arbeid

Etter møta i september kom Fellesforbundet i Bergen på bana. I dag møter dei Fjellstrand-leiinga med krav om at dei permitterte får utføre arbeid med det nye oppdraget. Samstundes har Fjellstrand freista å dempe striden. Måndag vart det kjent at dei permitterte vert tekne inn for å gjere sokalla forefallande arbeid.

– Eg fryktar at dette berre er ei unnastyring. Eg trur framleis målet er å kvitte seg med dei permitterte, slik at dei sit att med dei innleigde. Dette er diverre eit av mange døme på at bemanningsbyråa pressar ut fast tilsette, seier Alne.

Han har ingen tru på at permitterte kan gjere forefallande arbeid i heile den perioden NV Service har oppdrag.

– Då går jo heile vinninga opp i spinninga. Det viktigaste for oss er likevel at grunnlaget for å permittere fell vekk når situasjonen med midlertidig bortfall av arbeid ikkje lenger er til stades. Slik er det ved Fjellstrand no.

Ukjend konflikt

HR-sjef ved Fjellstrand, Hanne Leganger Myrdahl, seier ho ikkje kjenner til at det er nokon konflikt med Felles­forbundet.

– Eg veit ikkje kva for konflikt du snakkar om. Du må nesten ta dette opp med Fellesforbundet, seier ho.

Myrdahl har delteke på dei fire møta med verkstad­klubben om bruken av leigearbeidarar.

I samtalen med Klassekampen vedgår ho etter kvart at det skal vere eit møte med Fellesforbundet, men ho vil ikkje svare på spørsmål, heller ikkje kommentere kritikken frå forbundet.

– Eg har ikkje fullmakt til svare på desse spørsmåla, seier ho.

I dag arrangerer seks fagforeiningar politisk streik mot bemanningsbransjen. Streiken utanfor Stortinget har fått støtte frå alle LO-forbund, samt LO-leiinga.

gunnarw@klassekampen.no