Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171111/ARTICLE/171119992

• Nedtur for Hareide på ny måling • KrF snur ikkje om fylkesreform

Tidenes lågaste KrF-måling

Av Jens Kihl (tekst) og John Trygve Tollefsen (foto)

Publiseringsdato: Lørdag 11. november 2017

Seksjon: Innenriks

TØFFE TAK: 3,2 prosent gjer at ordet «folkeparti» i partinamnet til KrF kanskje kjennest litt i overkant. Om dette blei valresultatet, ville KrF hatt to på Stortinget.

AU: Aldri før har KrF vore målt så lågt på Klassekampens barometer. Hareide håpar ny politikk skal ta KrF ut av skugganes dal.

MÅLING

KrF-leiar Knut Arild Hareide gjer det klart at han ikkje tek partiet med inn i regjering.

– Vi har gjort vårt val. Det står seg godt. Då vi gjorde vårt val, visste vi at Venstre på eit tidspunkt kunne gå inn i regjering. Det var ein spekulasjon då òg. Vårt vedtak er uavhengig av det. Vi er to forskjellige parti og må få gjere våre val, seier Knut Arild Hareide.

Han meiner KrF likevel må analysere sin plass i det nye landskapet.

– Sjølvsagt endrar det den politiske diskusjonen, og det er det naturleg at vi drøftar, men det endrar ikkje vår politiske plassering og nøkkelposisjon i Stortinget. Men det blir ein annan situasjon om Venstre går inn, seier Hareide.

Dermed går han langt i å seie nei til ønsket frå stortingskollega Hans Fredrik Grøvan, som tidlegare i veka sa til Dagens Næringsliv at han meinte KrF måtte ta samarbeidsdiskusjonen på nytt dersom Venstre gjekk i regjering.

Hareide seier KrFs plass er i opposisjon:

– KrF går ikkje inn i ei regjering der Frp sit?

– Vi har utfordra regjeringa på ei sentrum-høgre-regjering. Då fekk vi tydeleg tilbakemelding om at det er to alternativ: Anten å halde fram med den blåblå regjeringa, eller å utvide den. Då seier vi at vi er eit konstruktivt opposisjonsparti, seier han.

FAKTA

Ny måling:

• Norfakta har gjort ei ny måling på oppdrag frå Klassekampen og Nationen. Målinga er utført 7. og 8. november, og 1003 personar er spurde.

• Spørsmålet som er stilt, er: «Hvilket politisk parti ville du stemt på dersom det var Stortingsvalg i dag?»

• Feilmarginane er mellom 0,9 og 2,5 prosent og størst for dei største partia.

• KrF har landsstyremøte på Økern i Oslo i går og i dag. Evaluering av valkampen er hovudtema. KrF fekk 4,2 prosent i valet.

Nye initiativ

I går heldt han tale til landsstyret i KrF. Der la han vekt på at KrF ikkje blir oppfatta som eit klimaparti og varsla nye initiativ innanfor miljøvenleg skipsfart og berekraftig forbruk. KrF vil også evaluere innføringa av skule for seksåringar og innføre nye ordningar for å få frivillige organisasjonar meir med i integreringsarbeidet.

I debatten etter talen blei klimaoffensiven teke godt imot. Fleire understreka òg at KrF framleis bør vere i opposisjon. KrFU kritiserte moderpartiets alternative statsbudsjett: Der er det lagt opp til å ta imot 1500 ekstra kvoteflyktningar i 2018. Ambisjonen bør vere 5000, meinte ungdomspartiet.

Stansar ikkje regionreform

Den store samanslåinga av fylke er ikkje regjeringas verk, men fyrst og fremst eit ønske frå KrF og Venstre. No er det likevel mange lokalt i KrF som meiner samanslåingane går gale av stad, og at distrikta vil tape. Hareide seier han ikkje vil reversere tvangssamanslåingane av fylka.

– Hovudjobben med regionreforma blir å få fleire oppgåver ut til regionane. Det vil vere eit stort nederlag om vi ikkje lukkast med regionreforma. KrF vil gjere det vi kan for å lukkast med det. Om vi ikkje får det til no, vil det føre til det motsette av desentralisering: Då får vi regionar som ikkje vil kunne ta imot fleire oppgåver. Det er ei sentralisering, seier Hareide.

Han har også eit lite stikk til sin sentrumskamerat Sp:

– Her er det ei grunnleggjande usemje mellom KrF og Senterpartiet. Dei ønskjer meir sentralisering. KrF ønskjer meir desentraliserte oppgåver. Statens oppgåver skal kome nærare folket.

– At Senterpartiet ønskjer meir sentralisering, er ein frisk påstand?

– Sp har gått mot ei regionreform som kan gje fleire oppgåver på regionalt nivå. Konsekvensen av deira politikk er ikkje god for Distrikts-Noreg. Men eg håpar Sp kan vere med på å sjå på regionane med friske auge.

Om dagens måling var valresultatet, ville KrF vore desimert i rikspolitikken: To representantar på Stortinget – og raudgrønt fleirtal – ville gjeve marginalt med makt.

Målinga, som er utført av Norfakta for Klassekampen og Nationen, viser både KrF og Venstre under sperregrensa. Dette er den svakaste målinga for KrF sidan Norfakta starta med desse målingane i desember 2008.

For Raudt er det derimot grunn til å juble: Dei får tidenes beste måling på dette barometeret. MDG ramlar heilt ut av Stortinget. Endringane for Raudt, KrF og MDG er statistisk signifikante. Høgre er største parti på målinga, omtrent jamstort med Ap.

SV, Senterpartiet og Ap mønstrar til saman 84 mandat, eitt færre enn det som trengst for fleirtal. Raudt er inne med to mandat.

– Kva tenkjer du om 3,2 prosent, Hareide?

– Det er ikkje vanskeleg å seie at det er eit altfor dårleg resultat for oss. Etter eit dårleg val er det vanskeleg å få ein oppsving umiddelbart. Vi var skuffa etter valet. Vi må jobbe medvite med å snu det.

Manglar strategi

Sentralstyremedlem Hilde Ekeberg har leidd partiets valkampevaluering. Ho meiner KrF manglar ei samlande forteljing.

– Vi har kome med nokre hovudkonklusjonar som handlar om partiets tilstand. Det gjeld meir enn berre valkampen. Vi peikar på at vi har nokre grunnleggjande veikskapar når det gjeld strategiarbeid over tid, i tillegg til rolleavklaring og oppbygging internt i organisasjonen. Det må vi rydje opp i for å kome vidare, seier Ekeberg.

– Kva legg du i det?

– Vi peikar på mangel på ein overordna strategi, ei felles forståing av kva retning partiet skal i og kva som er våre prioriteringar. Vi ser at i heile organisasjonen har folk veldig ulik forståing av kva som er KrFs hovudprosjekt.

– Ja, kva er KrFs hovud­prosjekt?

– Det er det vi peikar på at er utydeleg. Vi skisserer ikkje kva det prosjektet skal vere, men tilrår at vi treng ein prosess der vi får avklart dette, og at det blir forankra godt nok til at vi føler at vi går i same retning.

politikk@klassekampen.no