Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171109/ARTICLE/171109960

Stor motstand i Finnmark mot å bli slått saman med Troms, viser ny undersøking:

Samanslåing? Nei takk

Av Jens Kihl og Kjetil Magne Sørenes (tekst), og Tom Henning Bratlie (foto)

Publiseringsdato: Torsdag 9. november 2017

Seksjon: Innenriks

NEI: Trygve Magnus Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, synst ikkje noko om at KrF og Venstre fekk regjeringa med på å slå saman Finnmark og Troms.

FISJONSKRAFT: To av tre finnmarkingar seier nei til tvangssamanslåinga med Troms fylke, men reforma stoppar ikkje. – Sp må få kink i nakken av å sjå seg så mykje bakover, seier Sanner.

REGION-­REFORM

– Finnmark og Troms har enorme avstandar. Til saman blir det nye fylket større enn Irland, seier Trygve Magnus Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet.

Han er tydeleg frustrert over at samanslåinga mellom Troms og Finnmark ser ut til å bli røyndom.

Han er ikkje den einaste: Ei ny undersøking, utført av Infact for Lokalsamfunnsforeningen, viser at to av tre finnmarkingar seier nei til samanslåinga.

Til saman har 813 finnmarkingar fått spørsmålet «Hvordan forholder du deg til sammenslåingen av Troms og Finnmark?», og svara fordeler seg slik:

67 prosent meiner «Finnmark bør bestå som eget fylke, som i dag».

24,8 prosent svarer «Finnmark bør slås sammen med Troms fylke».

8,1 prosent svarer at dei ikkje veit.

Undersøkinga blei utført 1. november.

Ole Gustav Narud, leiar i Lokalsamfunnsforeningen, meiner den må få Stortinget til å snu.

– Lokale folkevalde og folket ønskjer ikkje dette. Det er ikkje i Noregs interesse å slette Finnmark som fylke. Dette er ein ideologisk kamp der regjeringa vil leggje ned alle fylka, men det er spesielt ille i Finnmark, der avstandane er så store, seier han.

FAKTA

Fylkesreforma:

• Eit stortingsfleirtal med Venstre, KrF, Høgre og Frp har blitt einige om at 19 fylke skal bli til 11:

• Oslo

• Viken: Buskerud, Akershus og Østfold

• Innlandet: Hedmark og Oppland

• Vest-Viken: Telemark og Vestfold

• Agder

• Rogaland

• Vestlandet: Hordaland og Sogn og Fjordane

• Møre og Romsdal

• Trøndelag

• Nordland

• Troms og Finnmark

Sanner: Omkampen er over

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre er – ikkje overraskande – usamd med Vedum i at det er på tide å avslutte samanslåingane.

– No må omkampanes tid vere forbi. Senterpartiet må få kink i nakken av å sjå seg så mykje bakover, seier Sanner til Klassekampen.

Han meiner Sp ikkje bidreg positivt.

– Fylkespolitikarane arbeider konstruktivt. No må Stortinget skape ro.

Til våren vil eit ekspertutval leggje fram tilråding til kva oppgåver dei nye fylka kan få.

– Vi har allereie gjeve ein serie oppgåver, men er opne for å gje fleire, seier Vedum.

Kosta nesten éin million

I slutten av oktober hadde Troms og Finnmark sitt fyrste felles fylkestingsmøte. Til saman kom reisekostnadene opp i nesten éin million kroner.

Frå Troms chartra politikarane eit eige fly til Kirkenes. Ein som ikkje møtte til det historiske møtet, var kommunalminister Jan Tore Sanner. Han var ifølgje kalenderen på regjeringa.no oppteken på medarbeidarsamling i Høgre.

– Det er arrogant å ikkje møte når ein har kalla inn til møte, seier Sp-leiar Vedum.

politikk@klassekampen.no

UNDERSAK

Håpar Kristeleg Folkeparti snur

Randi Karlstrøm er tidlegare stortingsrepresentant for Finnmark KrF. No leier ho ein tverrpolitisk aksjon for at Finnmark skal halde fram som eige fylke.

– Eg håpar KrF lyttar til Finnmark, for finnmarkingen er ikkje dum. Dei skjønar kva dette går ut på, seier ho.

Karlstrøm seier ho er glad for at motstanden «slår så tydeleg ut i mitt eige parti»: 52 prosent av dei spurde KrF-veljarane er mot, medan 24 prosent stør samanslåinga.

Ho lever i vona om at KrF vil bruke vippemakta på Stortinget til å stanse tvangssamanslåinga – og trur meiningsmålinga kan bidra til det.

– KrF har ikkje konkludert så langt. Så eg har eit håp om at KrF vil reversere tvangsvedtaka og seie at dette må vente til oppgåvene som skal bli delegert frå staten til mellomnivået er klart.