Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171107/ARTICLE/171109937

• Bynære snøggbåtruter vert elektrifisert • Gjev nytt liv til 100-årig el-tradisjon

Planlegg bybane på vatn

Av Gunnar Wiederstrøm (tekst og foto), Bergen og Kvam

Publiseringsdato: Tirsdag 7. november 2017

Seksjon: Innenriks

STOR TRAFIKK: Snøggbåtruta mellom Bergen og Askøy har mange passasjerar. Om to år skal båten vere skifta ut med ein elektrisk snøggbåt med batteripakke.

FØRST UTE: Snøggbåtruta mellom Askøy og Bergen vert første heil­elektriske i landet. El-snøggbåtar kan redusere norske CO2-utslepp lik 100.000 bilar.

MILJØ

I eit ufyseleg grisevêr legg snøggbåten Ekspressen til kai ved Strandkaiterminalen i Bergen. Ut frå baugen kjem den hydrauliske landgangen og senkar seg ned mot kaidekket. Passasjerane om bord slår opp paraplyane, trekk hettene over hovudet og stålset seg for veggen av vatn der ute.

Snøggbåten går på diesel på ei strekning som då det gjekk bilferje her dagleg, frakta 12.000 passasjerar. No er det ut med diesel. Den korte lengda på ruta er perfekt for elektrifisering.

– Den første el-snøggbåten skal til Bergen, sidan kjem andre strekningar etter, fortel Hege Økland, administrerande direktør for Maritime Clean Tech på Stord.

Næringsklynga samlar verksemder innan maritime næringar på Vestlandet for utvikling og kommersialisering av klimavenleg teknologi til skipsfarten. I vinter fekk ho 20 millionar kroner i statleg støtte til design- og utvikling av bynære snøggbåtar.

Pilotfartøyet skal byggjast av dei tre verksemdene frå Sunnhordland Wärtsilä, Fjellstrand og Servogear.

FAKTA

Snøggbåtar:

• Snøggbåtar er av dei største CO2-syndarane i passasjertransporten.

• Berekningar Nox-fondet har gjort, viser at snøggbåtane slepp ut 230.000 tonn CO2 til saman, like mykje som 80.000 personbilar.

• Alt i dag kan batteridrivne båtar erstatte dieselbåtar på korte ruter.

• Førebels set ladekapasitet og batteristorleik grenser for bruk av denne teknologien på dei lengre rutene. På desse rutene er det meir aktuelt å nytte hydrogenbåtar som heller ikkje slepp ut CO2.

Berre korte reiser

Fjellstrand i Kvam er ein av dei fremste produsentane av snøggbåtar i verda, men har ikkje elektriske båtar.

– Vi er i eit tidleg stadium i utvikling av elektriske båtar og har fått ein del av potten. Utfordringa er batterivektar, fart og lading. Førebels kan fartøya berre trafikkere kortare strekningar, fortel prosjektdirektør Olaf Bru.

Ein rapport utarbeidd for Nox-fondet syner at hydrogen høver best for å oppnå nullutslepp på dei lange strekningane. Snøggbåtflåten slepper ut 230.000 tonn CO2 årleg og er ein klimaversting.

Bergen er først ute, men det er på gong elektriske snøggbåtar i Stavanger, Trondheim og ved Oslofjorden. For miljø- og byutviklingsbyråd i Bergen, Anna Elisa Tryti (Ap), er den elektriske snøggbåten starten på elektriske snøggbåtruter som skal knyte kommunane og tettstadene kring det bergenske fjordbassenget saman.

– Målet er å utvikle Bergen til eit nytt Venezia, seier ho.

Trongt på vegane

Tryti merker stor velvilje til prosjektet frå dei nærmaste nabokommunane. Politisk er prosjektet forankra i fylkeskommunen og Bergen kommune.

– Topografien og fjorden gjer at sjøtransport passar bra. Det er trongt om plassen på vegane. Fjorden ligg der og ventar på å verte teken i bruk. Me må elektrifisere dei eksisterande rutene, og så må dette byggjast ut gradvis i eit samarbeid med fylkeskommunen og næringslivet, seier ho.

gunnarw@klassekampen.no

UNDERSAK

Pionerar i Byfjorden

Passasjertransporten i det bergenske hamnebassenget har ei elektrisk fortid, som byhistorikar Jo Gjerstad skriv om i «Helt elektrisk» frå 2012.

I 1894 etablerte ingeniør Jacob Trumpy Bergens Elektriske Færgeselskap AS. Trumpy fekk bygd åtte små batteridrivne passasjerferjer på verftet faren dreiv i Jekteviken mellom Nøstet og Møhlenpris i Bergen.

Den elektriske ferjedrifta bygde på ei fleire hundre år lang transporthistorie i Bergen. Fløttmenn med eigne robåtar frakta passasjerar og gods over mindre bukter og sund og til lasteskip som låg på reden. Etter kvart vart det trong for eit meir påliteleg rutegåande transporttilbod.

1. august 1894 vart dei første ferjene sette i rute over Vågen mellom Bradbenken og Holbergsallmenningen. Kvar ferje tok 16 passasjerar.

Ved 25-årsjubileet frakta ferjene 1,2 millionar passasjerar.

Batteria i ferjene vart lada opp på Bradbenken, rett nordvest for Bryggen, der Trumpy fekk bygd eit motorisert kraftverk. Kraftverket leverte også straum til åtte gatelys, nokre av dei første i Noreg.

Den første ruta over Vågen er framleis i drift, 123 år etter at ferjeselskapet vart stifta.