Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171102/ARTICLE/171109992

Christine Meyer kom offentleg utval i forkjøpet med forskingsomveltingane i SSB:

Kritisk til Meyers hastverk

Av Anne Kari Hinna og Kjetil Magne Sørenes

Publiseringsdato: Torsdag 2. november 2017

Seksjon: Innenriks

ARBEIDSRO: Liv Sannes er nestleiar i samfunnspolitisk avdeling i LO og medlem Statistikklovutvalet, nedsett av regjeringa. Ho meiner arbeidet med omorganiseringa i SSB må settast på vent. Foto: Tom Henning Bratlie

STOPP: Eit offentleg utval fekk i jobb å sjå på SSB si rolle. Men før utvalet fekk konkludert, snudde Christine Meyer byrået på hovudet. No reagerer utvalsmedlem på Meyers metode.

SSB

15. desember skal eit breitt offentleg utval sett ned av Finansdepartementet levera sin rapport om korleis Statistisk sentralbyrå (SSB) bør sjå ut i framtida.

Men før utvalet har konkludert, har SSB-sjef Christine Meyer, som også sit i Statistikklovutvalet, kutta talet på forskarar i byrået frå 75 til 50, og sagt at internasjonal publisering skal vekt­leggast meir framover.

Liv Sannes er nestleiar for samfunnspolitisk avdeling i LO og utnemnt som medlem av Statistikklovutvalet. Ho seier til Klassekampen at det er viktig at lovutvalet får avslutta arbeidet sitt før SSB gjennomfører omfattande endringar av organisasjonen.

FAKTA

Omorganisering i Statistisk sentralbyrå:

• Statistisk sentralbyrå (SSB) er i gang med ei stor omorganisering.

• Forskingsavdelinga skal bli mindre. 25 tilsette skal flyttast frå avdelinga til statistikk­avdelinga.

• SSB vil legga meir vekt på internasjonal publisering framover.

• Omorganiseringa er sett på vent, inntil SSB har hatt eit nytt møte med finansminister Siv Jensen (Frp).

– Hastegjennomføring

– Meyer har gripe inn med hastegjennomføring av relativt store inngripande endringar for SSBs moglegheiter til å levera. Det er viktig at lovutvalet får sluttført arbeidet sitt før ein vurderer eventuelle endringar av den karakter som no er sett i gang. Generelt er det positivt at prosessen er sett i bero, seier Sannes.

Det var etter eit møte mellom finansminister Siv Jensen og SSB-direktør Christine Meyer måndag at SSB orienterte om at omorganiseringa er sett på vent.

Lovpålagt eller ei

Statistikklovutvalet blei sett ned i fjor, og fått i mandat å vurdera ei lang rekke problemstillingar, blant anna om det «fortsatt skal være en lovpålagt oppgave for SSB å utnytte statistikken til analyse og forskning».

Sannes meiner at den påbegynte omorganiseringa kan gjera det vanskeleg for SSB å følja opp det lovutvalets til­råding.

– Ja, det kan vanskeleggjera ei god oppfølging av lovutvalets tilrådingar. Uansett bør utvalets innstilling vera ein viktig premiss for den vidare organiseringen av SSB, seier ho.

– Meiner du SSBs forskingsoppdrag skal endrast mykje framover?

– Det vil eg ikkje uttala meg om no. Det er ein del av utvalets arbeid.

Øystein Dørum, sjeføkonom i NHO, sit også i Statistikklovutvalet.

– Er arbeidet i statistikklovutvalet blitt forstyrra av omorganiseringa i SSB og debatten som har oppstått?

– Det har eg ingen kommentar til. Men viss det at SSB stiller denne prosessen i bero, betyr at debatten om korleis SSB skal løysa samfunnsoppdraget sitt i fyrste omgang blir tatt i Statistikklovutvalet, så er det bra. For der høyrer debatten heime.

Blei kalla inn til ministeren

Planane om å omorganisera SSB har skapt uro, òg utanfor byråets vegger. Det resulterte i at finansminister Siv Jensen (Frp) bad Meyer stilla på kontoret for ei orientering.

Til Klassekampen i går sa SVs representant i finans­komiteen, Kari Elisabeth Kaski, at finansministeren bør stansa den planlagde omorganiseringa. Også Senterpartiet har tatt til orde for ein pause.

SSB-direktør Christine Meyer jobbar no med ein plan som skal leggast fram for finansministeren neste veke.

Statistikklovutvalet består av ni medlemmar. Det lukkast ikkje Klassekampen å få kontakt med utvalsleiar Nils-Henrik von der Fehr, økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo, i går.

annekarih@klassekampen.no

kjetils@klassekampen.no