Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171024/ARTICLE/171029982

Returstriden

Av Kjell-Erik N. Kallset

Publiseringsdato: Tirsdag 24. oktober 2017

Seksjon: Lederen

• Striden om utsending av unge flyktningar frå Afghanistan pregar no mange norske lokalsamfunn. Engasjementet er særleg sterkt blant ungdom, som opplever at venner og klassekameratar skal kastast ut av landet. Fleire kjempar for at dei som blir kalla «oktoberbarna» skal få bli i Norge. Dette er 130 afghanske asylsøkarar som kom hit i 2015 og som fyller 18 år no i oktober. Dei har fått vera i Norge mellombels, men styresmaktene har bestemt at dei skal sendast ut når dei blir myndige. Samtidig er mange opprørte over at familiar og andre også blir tvangsreturnerte til Afghanistan. Tidlegare i oktober demonstrerte over tusen skoleelevar i Trondheim mot at 17-åringen Taibeh Abbasi og familien hennar skal utvisast. Dei meiner det er livsfarleg å sende flyktningar tilbake til Afghanistan, i motsetning til norske styresmakter som meiner det er trygt med tvangs-returar til størstedelen av landet.

• Amnesty International åtvarar sterkt mot tvangsreturane. I ein fersk rapport viser dei til at talet på tvangsreturar frå Europa til Afghanistan aukar markant, sjølv om det har vore ein kraftig auke i drap av sivile. Tvangsreturnerte risikerer både tortur og død, og derfor er dette brot på folkeretten, meiner Amnesty. Norge stod i 2016 for 64 prosent av tvangsreturane frå Europa til Afghanistan, og Amnesty har dokumentert at dette i minst eitt tilfelle har hatt dødeleg utfall. Laurdag skreiv Klassekampen at organisasjonen nyttar Norge som skrekkeksempel i ein internasjonal kampanje mot tvangsreturar til Afghanistan, der trønderen Taibeh Abbasi blir ein av frontfigurane.

• I dag legg SV, MDG og Raudt fram eit forslag i Stortinget om mellombels stopp av alle returar til Afghanistan. Regjeringa avviser forslaget og meiner det vil hole ut asylforliket Stortinget vedtok hausten 2015. Ap, KrF og Venstre kan sikre fleirtal for ein stopp i returane, men likevel avviste Ap dette i Klassekampen i går. I denne saka bør Ap og andre parti lytte til norske skoleelevar, til Ap-veteranen Bjørn Tore Godal og ikkje minst til Amnesty og andre som følger utviklinga i Afghanistan på nært hald: Returane må stoppe.