Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171023/ARTICLE/171029988

• Nesten berre borgarlege politikarar har blitt fylkesmenn under dei blåblå • Ap: Eit tankekors

Gjev jobb til høgreside-toppar

Av Jens Kihl

Publiseringsdato: Mandag 23. oktober 2017

Seksjon: Innenriks

VINDEN IFRÅ HØGRE: Frank Jenssen blir snart fylkesmann i Trøndelag, etter fire år som stortingsrepresentant for Høgre. Her er han med partifellar Erna Solberg og Sigbjørn Aanes i 2013. Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix

NYTT BEITE: Ei rekkje borgarlege politikarar har fått jobb som fylkesmenn av den blåblå regjeringa. Snart har 75 prosent av folket borgarleg fylkesmann.

FYLKESMENN

Millionløn, høg status og viktige oppgåver. Jo, det er lett å forstå at mange toppolitikarar gjerne vil bli fylkesmenn når livet i politikken er over.

Då Høgre og Frp tok over regjeringskontora i 2013, var det ei klar overvekt av raudgrøne ekspolitikarar som hadde fylkesmannsembeta i Noreg. Etterpå har det gått éin veg: til høgre.

Tidlegare har Høgre ved fleire høve kritisert dei raudgrøne for å bruke fylkesmannoppnemningane politisk. I 2011 blei Valgerd Svarstad Haugland fylkesmann for Oslo og Akershus. Då kalla Michael Tetzschner det ein «skammelig forbigåelse» i Aftenposten, og meinte Per-Kristian Foss burde fått plassen. Tetzschner meinte målet for dei raudgrøne var å innynde seg hos KrF og kalla det «en merkverdig utnevnelse som åpenbart er politisk motivert». Også oppnemninga av eks-SV-nestleiar Øystein Djupedal fekk kritikk.

FAKTA

Fylkesmennene:

• Fylkesmannen er statens representant i ute i fylka. Fylkesmannen, som både er ein person og ein organisasjon, har ansvar for å følgje opp vedtak frå storting og regjering.

• I dag har vi 19 fylke og 17 fylkesmenn: Det er felles fylkesmann for Agder-fylka, og det same gjeld Oslo og Akershus. I framtida får vi etter planen elleve fylke og ti fylkesmenn (Viken og Oslo får felles fylkesmann).

• Det er kongen i statsråd som utnemner fylkesmennene på åremål for seks og seks år.

Høgre, Høgre, Høgre …

Men no er det høgresida som sit i regjeringskontora.

Når dagens 19 fylke blir til 11 i 2020, vil også talet på fylkesmenn bli kraftig redusert. Av dagens 19 fylke vil 13 liggje under ein fylkesmann frå borgarleg blokk. Til saman vil tre av fire nordmenn bu i desse fylka.

Klassekampen har gått gjennom alle oppnemningane regjeringa har gjort. Den syner at dei aller fleste nye fylkesmennene kjem frå dei fire partia Frp, Venstre, KrF – og ikkje minst Høgre:

Den fyrste oppnemninga regjeringa gjorde, var Christl Kvam som fylkesmann i Oppland i 2014. I 2016 blei ho statssekretær for Høgre.

Elisabeth Aspaker fekk jobben som fylkesmann i Troms, og blir også fylkesmann for Finnmark etter samanslåinga. Valet av Aspaker skapte reaksjonar i 2014, ettersom ho var valt inn på Stortinget til 2017 og dessutan sat i regjering for Høgre.

Per Arne Olsen blei ny fylkesmann i Vestfold i 2016, og får også ansvaret for Telemark frå 2020. Han er tidlegare nestleiar i Frp.

Frank Jenssen blir ny fylkesmann for det samanslåtte storfylket Trøndelag frå 1. januar neste år. Han har lang fartstid frå Høgre, mellom anna som statssekretær og stortingspolitikar.

Fram til fylkesfusjonen er det Brit Skjelbred som er fylkesmann i Sør-Trøndelag. Ho blei utnemnt frå 2015 og har vore statssekretær for KrF.

Tidlegare Venstre-leiar Lars Sponheim er i dag fylkesmann for Hordaland. Han tek også over Sogn og Fjordane etter fusjonen.

I 2019 tek Harald Tom Nesvik, tidlegare parlamentarisk leiar for Frp, over som fylkesmann i Møre og Romsdal.

Valgerd Svarstad Haugland blir sjølve dronninga i kollegiet: I dag er ho fylkesmann for Oslo og Akershus.

Men i framtida skal ho ha denne posisjonen for nye Viken fylke (Østfold, Akershus og Buskerud) – i tillegg til Oslo. Ho er tidlegare KrF-leiar.

… og litt Arbeidarpartiet

Heilt Ap- og Sp-tomt blir fylkesmannskollegiet ikkje:

Hedmark og Oppland får Knut Storberget som ny fylkesmann. Han er tidlegare Ap-statsråd.

Stein Ytterdahl er tidlegare Ap-ordførar. Han blei ny fylkesmann for Agder frå 2016.

Frå før er tidlegare Ap-nestleiar Hill-Marta Solheim fylkesmann i Nordland, medan tidlegare Sp-nestleiar Magnhild Meltveit Kleppa er det i Rogaland. Desse blir sitjande.

Fylkesmennene utan partipolitisk bakgrunn er på veg ut. Frå 2020 vil alle fylkesmenn ha partibakgrunn:

Ingvild Aleksandersen er ny fylkesmann i Finnmark, men jobben hennar forsvinn når Finnmark forsvinn. Ho har ikkje partibakgrunn. Det same gjeld Bård Magne Pedersen, som for tida er konstituert i Troms. Trond Rønningen blei ny fylkesmann i Østfold i 2016. Han har ikkje kjent partipolitisk bakgrunn, men jobben forsvinn når Østfold blir ein del av Viken.

– Sterkt blikk for sine eigne

Ap er kritiske til utviklinga.

– Dette tyder på at regjeringa har eit sterkt blikk for sine eigne, seier Rigmor Aasrud, kommunalpolitisk talsperson i Ap, til Klassekampen.

Som fornyingsminister i den raudgrøne regjeringa hadde ho i fire år ansvar for fylkesmannsoppnemningar. Ho meiner det er nyttig med politisk erfaring når ein er fylkesmann, men:

– Dette oversynet må vere ein tankekors for dei som heile tida kritiserte våre oppnemningar, seier Aasrud.

politikk@klassekampen.no