Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171019/ARTICLE/171019957

• Fagforbundet har gitt 136 millionar i støtte på fire år • Parti, festivalar, tenketankar og ein racerbil har fått pengar

Drysser pengar i aust og vest

Av Anne Kari Hinna, Pål Hellesnes (tekst) og Tom Henning Bratlie (tekst og foto)

Publiseringsdato: Torsdag 19. oktober 2017

Seksjon: Innenriks

DEBATT: Leiar i Fagforbundet Mette Nord seier at fagrørsla skal vera ei kraft i den breie idédebatten.

MUSKLAR: Fagforbundets leiar Mette Nord seier alliansebygging er avgjerande for å styrka miljøa som dyrkar idear for ein alternativ politikk.

LANDSMØTE i fagforbundet

Det er ikkje småpengar som delast ut frå Fagforbundets store pengekasse. Dei fire siste åra har LOs største forbund gitt 136 millionar, fordelt på 103 mottakarar, ifølge ei oversikt frå magasinet Fagbladet.

Å finansiera organisasjonar, politiske parti og ulike prosjekt er ein sentral del av Fagforbundets politiske strategi.

Fordbundsleiar Mette Nord seier til Klassekampen at ho vil styrka alliansebygginga framover.

– Det er heilt avgjerande å styrka alliansebygginga og også styrka miljøa som er idéutviklarar for ein alternativ politikk, seier ho og viser blant anna til For Velferdsstaten, Manifest, Fafo og fagpressa, som årleg får millionar.

Nord sa i opningstalen til landsmøtet tidlegare i veka at fagrørsla skal vera ei kraft i den breie idédebatten.

– Det er relativt føreseieleg kva me meiner, men det å ha meiningsdannande organisasjonar og miljø er viktig. Me ser at høgresida har det gjennom Minerva og Civita. Me må også ha gode og breie alliansar. Det gjorde ein i gamle dagar gjennom ulike miljø. No er det på tide å ta nye grep for å sikra dette, seier Nord.

FAKTA

Fagforbundet sin økonomi:

• Fagforbundet har driftsinntekter på 1,323 milliardar kroner per år. Kontingentinntekter utgjer 934,3 millionar.

• Forbundet har eigenkapital på 813,1 millionar. Av dette er omløpsmiddel 567,8 millionar. Omløpsmidlene er hovudsakeleg i form av bankinnskott (446,2 mill.), medan 92,5 mill. er i ulike fond.

• Forbundet eig aksjar i Sparebank 1 (47 mill. balanseført verdi), Klassekampen (2,6 mill.), Sørmarka (1,4 mill.), Sparebanken Hedmark (20,6 mill.) og Folkets Hus (1,4 mill.)

Kjelde: Årsberetning 2016

Støttar raudgrøne pari

Både Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet har fått store pengegåver frå Fagforbundet.

– Me har eit mål om å gjennomføra vår politikk gjennom dei politiske partia, forklarer Nord.

SV-leiar Audun Lysbakken var i går invitert til å halda helsingstale for Fagforbundet sitt landsmøte. Dei siste fire åra har SV fått 6,5 millionar i støtte frå forbundet.

Lysbakken seier til Klassekampen at støtta frå Fagforbundet har vore viktig.

– Dei var blant dei som gjekk først i å opna fagrørsla for ei breiare venstreside. Det gjer at eg kan stå her og seia at arbeidarrørsla har fleire parti.

Han peiker på at det politiske samarbeidet er sterkt.

– Eit aktuelt døme er kampen mot velferdsprofittørane. Der trur eg heile venstresida med tida vil slutta opp, men SV og Fagforbundet har vore samde lenge.

I dag kjem Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum til Fagforbundets landsmøte. Sp har fått 6,6 millionar.

– Avhengig av sponsorar

På plass på landsmøtet til Fagforbundet er alliansen For Velferdsstaten, som dei siste fire åra har fått 16,3 millionar kroner i støtte av Fagforbundet. For Velferdsstaten blei etablert i 1999 og blir finansiert av støtte frå forbund i offentleg sektor i og utanfor LO.

– Fagforbundet er heilt avgjerande for vår drift. Det er det ikkje tvil om, seier Linn Herning, forfattar og dagleg leiar i For Velferdsstaten.

For Velferdsstaten har vore sentral i debatten om profitt i velferda.

– Det er tydeleg at det arbeidet me har gjort, har hatt innverknad på den politiske debatten, seier Herning.

Fagforbundet har gått inn for eit forbod mot profitt i velferd.

Herning understrekar at samarbeidet går langt utover det økonomiske. Både forbundsleiar Mette Nord og Stein Guldbransen, AU-medlem i Fagforbundet, sit i styret i For Velferdsstaten.

– Det er ikkje slik at me sit inne på eit kontor og skriv. Me har eit tett samarbeid. Eg kunne aldri skrive boka om velferdsprofitørane utan alle samtalane, med blant anna folk i Fagforbundet, seier ho.

Racerbil får støtte

På vingeelementet til ein racer­bil, stilt ut i Folkets hus i Oslo under landsmøtet til Fagforbundet, står Fagforbundets logo. Bak bilen står den tverrfaglege studentorganisasjonen Revolve NTNU.

– Me håpar dette er eit prosjekt Fagforbundet er stolte av å sponsa. Me er heilt avhengige av sponsorane, seier Aida Angell, som studerer ingeniørvitskap og IKT på NTNU og var med å utvikla 2017-modellen. No er ho med på å laga 2018-modellen, som skal vera i den internasjonale konkurransen Formula Student. 2018-modellen skal vera elektrisk og førarlaus.

– Me var nummer ti i verda i 2016. Det er ei veldig stor bragd. Å ha samarbeid med ulike bedrifter er ein nøkkelfaktor, seier Angell. Revolve NTNU består i dag av studentar frå 15 liner ved NTNU.

– Korleis gjekk de fram for å få støtte?

– Det var team 2017 som tok kontakt med Fagforbundet og LO Ingeniør. Eg rekna med det starta med ein telefonsamtale, seier ho.

Og kvifor fekk racerbilen støtte frå Fagforbundet?

– Fordi den er el-driven. Det er ein miljøbil! seier Mette Nord.

nyhet@klassekampen.no