Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171012/PLUSS/171019980

«Snømannen»: Incentivordninga debuterer med ein sterkt overprodusert tv-krim.

Hol, holare, Hole

Av Guri Kulås

Publiseringsdato: Torsdag 12. oktober 2017

Seksjon: Filmanmeldelse

Tam snø: Rebecca Ferguson og Michael Fassbender på noregsferie med blodige innslag i «Snømannen».Foto: UIP

Har vi ikkje sett nok ulogisk og sadistisk nordisk noir no?

«Snømannen»

(The Snowman, USA/Storbritannia/ Sverige/Noreg, 2017)

Regi: Tomas Alfredson.

Manus: Hossein Amini og Peter Straughan etter Jo Nesbøs roman.

Med: Michael Fassbender, Rebecca Ferguson.

Lengde: 2 t.

melding

HHIIII

Kvifor er ikkje «Snømannen» ein vellukka film? Kanskje først og fremst fordi filmskaparane ikkje har bestemt seg for kva slags film det skal vera. Skal det vera ein film for Jo Nesbøs lokale bokfans eller ein stjernedriven internasjonal thriller? Skal det vera Niels Arden Oplevs «Menn som hater kvinner» (2009) eller David Finchers «The Girl with the Dragon Tattoo» (2011)? I freistnaden på å vera litt begge delar, har ein enda opp med ein identitetslaus, generisk krim, som aldri strekkjer seg utover standard­repertoaret til masseproduserte politiseriar for tv.

Det er mykje å seia om den amerikanske Stieg Larsson-filmatiseringa, men ho har David Finchers tydelege regigrep. I gode filmar får regissøren verkemidla til å spela på lag, slik at heilskapen blir meir enn summen av delane. I «Snømannen» er det tvert om: Plott, roller, design, musikk, locationval og regi er isolerte bitar. Hadde filmen fungert som kino-oppleving, kunne ein tru det var medvite gjort – at filmen var subtil konseptkunst, ein undergravande kritikk av dei parterte kvinnekroppane i Jo Nesbøs bok.

Diverre er det nok ikkje slik, noko som kan gjera det tungt å få finansiert ei ny Nesbø-historie i eit like påkosta format som «Snømannen». Alt i alt kan det vera godt nytt for både forfattaren, entusiastiske lesarar og filmpublikum. Her ser det nemleg ut til å ha vore øydeleggjande kryssande krav bak dei investerte produksjons- og incentiv­pengane. «Snømannen» er eit prov på at det ikkje er nok å ha ein bestseljarkrim som utgangspunkt, å disponera heile Noreg til filmopptak og å kunne ødsla vilt med talent både bak og framfor kamera: Om ein ikkje veit kva ein vil med den kreative skapnaden, så blir han ein vanskapnad.

Krimklisjeen gjer oss i stand til å sjå risset av ei historie, jamvel om vi manglar utfyllande informasjon til å gjera rollene interessante og handlinga logisk konsistent og meiningsfull: Ein kryptisk, men dramatisk prolog lèt oss kasta eit tilbakeblikk på traumet som skal gjera ein ung gut til vaksen seriemordar. Han varslar drap på utru koner og mødrer ved å byggja ein snømann utanfor husa til offera sine og å skriva brev til politiet. Utfordringa i notidshandlinga er om politimannen Harry Hole (Michael Fassbender) er i stand til å finna ut kven mordaren har vakse opp til å bli, og om den sterkt forfylla etterforskaren rekk å løysa gåta før mordaren råkar Hole personleg.

Filmskaparane ser ut til å ha satsa på at valden skal vera original nok og stjernene store nok til å bera det heile. Eit mangfald av store skodespelarar fyller opp speletida ved å visa seg i små eller obskure biroller (Chloë Sevigny, J.K. Simmons, Charlotte Gainsbourg). Ta til dømes den alltid strålande David Dencik i rolla som legen Idar Vetlesen. Han er ein overtydande ubehageleg type og ei nøkkelrolle som skal binda ulike trådar saman, men vi får aldri tak på kven Vetlesen er og kva han har i filmen å gjera.

«Snømannen» er ikkje i stand til å sannsynleggjera hovudplottet sitt, langt mindre å fylla det som i romanen truleg er interessante underplott. At begge manusforfattarar fortent er Oscar-nominerte for tidlegare romanadaptasjonar, er ikkje til å tru. Den bergenske forhistoria til politietterforskar Katrine Bratt (Rebecca Ferguson) skal få passera like unemnt som Val Kilmers innsats i denne.

Tomas Alfredson burde vera veleigna til å filmatisera «Snømannen». Sidan den hovudsakleg anglo-amerikanske filmen vart spela inn i Noreg, er det eit pluss at regissøren har ei kjensle for skandinavisk samfunn og mentalitet. Alfredsons svenske, sosialrealistiske vampyrfilm «La den rette komme inn» (2009) viste dessutan ei finstemt evne til å kombinera sosial analyse og horror i eit meiningsberande, stilreint uttrykk. Han gjorde særleg god bruk av vinterkulde.

Alt dette er kvalitetar som «Snømannen» kunne trengt og som kunne ha gjort det mogleg å jamføra han med rebuskrim som dei nemnde Stieg Larsson-filmane. Men det norske samfunnet finst ikkje her, og spaning og eleganse har vorte borte ein stad på den kronglete produksjonsvegen. Stil er redusert til brun-grå «Broen»-stemning, og den viktige snøen ser ut til å vera framstilt av folk som aldri har vore i kontakt med elementet før.

Vi kjem heller ikkje frå at «Snømannen» – i større grad enn «The Girl with the Dragon Tattoo» – er råka av «Van Veeteren-syndromet». Filmatiseringane av Håkan Nesser går føre seg i attkjenneleg svenske miljø, men seriane insisterer på at det er eit «flamsk» fantasiland. Det er forstyrrande framandgjerande. Nordisk noir-feberen i Storbritannia har gjort syndromet smittsamt med den grufulle Svalbard-serien «Fortitude» (2015) som lågmålet.

Ein kan ikkje skulda på skodespelarane, som gjer ein anstendig innsats med skrint materiale, men dei er alle med sine ymse engelskspråklege aksentar malplasserte i det eklektisk samansette norske landskapet, der kulturreferansar til Edvard Munch, Gustav Vigeland og Theodor Kittelsen ser ut til å vera tinga av Oslo Kommune.

Det kan vera ein fordel å ikkje ha eit forhold til Harry Hole når ein ser filmen, for karakterportrettet er mangelfullt med vekt på eigenskapar som stør ein overflatisk motivkrins om farsansvar og alkoholisme, men det kan sanneleg vera ein fordel å ikkje kjenna Noreg heller. Her er det mykje klipp og lim frå «Visit Norway», som ikkje vedkjem historia, men som gjer landet og hovudstaden til ein surrealistisk labyrint. Når Harry Hole må køyra frå Oslo til Telemark via Atlanterhavsvegen, kan vi forstå at folk i distrikta klagar på responstida til politiet.

guri.kulaas@klassekampen.no