Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171009/ARTICLE/171009852

Ny plate: Anført av strykearrangement og tekstar om mannleg sårbarheit, leiar Cezinando norsk rap inn i framtida.

Her er lyden av 2017

Av Ruth Einervoll Nilsen (tekst) og Tom Henning Bratlie (foto)

Publiseringsdato: Mandag 9. oktober 2017

Seksjon: Musikkmagasinet

Følest som å leve draumen: Cezinando trur han kjem til å tenkje tilbake på dette «som ei ganske vill tid».

Med gullpennen i handa og nytt album under arma, vil Cezinando utfordre dagens menn. Og rapsjangeren.

intervju

Det mest generiske bygget på Rosenhoff i Oslo skjuler meir enn fasaden skulle tilseie. Mellom ein bilverkstad for italienske veteranbilar og ein daglegvarebutikk, ligg det vesle studioet Stealth, som berre så vidt har plass til arbeidskraft. I dag skal siste hand leggjast på verket «Noen ganger og andre», tredjeplata til Kristoffer Cezinando Karlsen. Mastrane har nådd produsent Ole Torjus Hofvind sin innboks, og frå høyttalarane strøymer veldige strykearrangement, korharmoniar og elektronisk dreia vokal.

– Dette er jo rap, seier Ole Torjus.

Han og Cezinando nikkar hovuda anerkjennande i takt med musikken. Dette er noko. Lyden som fyller rommet er eit stykke unna den klassiske hiphop-beaten. Milevis frå spytt-rap og tøff-i-trynet-haldning. Det er ein saumlaus vev av organisk og elektronisk, som vert foreint i ein heilskap berre albumformatet kan tillate. Rap-arva følger i den raude tråden av utsøkt diksjon og teksthandverk. Kvart ord vert høyrt, og kvart ord betyr noko. Det var for dette Cezinando, 21 år gammal, danka ut både Stein Torleif Bjella og Jenny Hval. Han er årets tekstforfattar.

Cezinando kjennest veldig tidsriktig. Men trass sin unge alder har han vore i rapmiljøet lenge. Før han som sekstenåring fann ut at det var hiphop han ville satse på, var han innom kokk, dyretemmar og dansar som potensielle framtidige yrkesvegar.

FAKTA

Cezinando:

• Kristoffer Cezinando Karlsen er ein norsk-portugisisk rapartist, fødd 1995 i Oslo.

• Har tre plater bak seg: «Cez 4 Prez» (2012), «framtid:sanntid» (2014) og «Barn av Europa» (2016).

• Fredag slapp han albumet «Noen ganger og andre», produsert av Ole Torjus Hofvind.

• Vant NRK P3s Urørt-finale i 2016, og på Spellemann 2017 blei han Årets tekstforfattar.

– Men eg var tidleg eit skrivande menneske. Som ung laga eg korthistorier og dikt. Med hiphoplytting via pappa, blei tekstane etter kvart til raptekstar. Målet var å ha «noko» på Spotify.

Og det har han fått til. 22 år gammal har han tre utgjevnadar på CV-en, og fredag var det tid for den hittil største: «Noen ganger og andre».

Kom og hold meg fast, jeg gråter, er linja som opnar albumet. Allereie her anar ein ei dreiing bort frå den konseptuelle musikken Cezinando tidlegare har gitt ut. Tida er inne for å bli kjend med Kristoffer.

– Eg trur det kan vere veldig effektfullt å opne seg akkurat no; når eg har auge på meg, og folk er tørste. No er det riktig å faktisk gje ut noko som er ekte, og som folk kan relatere til, seier han.

Albumet skal vere eit gløtt inn i 22-åringen sine historier og tankar. Han bretter innsida ut på elleve spor.

– Nokre gonger når eg høyrer på albumet, må eg faktisk stoppe opp. Det er nesten for sårbart, innrømmer Cezinando.

– Eg blir også heilt andpusten. På ein god måte, smetter Ole Torjus inn.

«Noen ganger og andre» er ei personleg plate. Svært personleg. Ein kan undrast på kor mykje han er villig til å brette ut.

– Eg er jo ikkje heilt Knausgård i trynet heller. Det finst definitivt ei grense for kva eg vil utlevere – spesielt med tanke på menneska eg omtalar. Låtskrivinga skal vere personleg, men ukonkret nok til at folk kan leggje si eiga meining i tekstane. Ofte spring musikken ut frå noko veldig spesifikt for meg, men det er eigentleg uvesentleg. Når eg har gitt ut musikken, eig eg den ikkje lenger. Det er møtet mellom musikken min, og folka som høyrer den, som er spennande.

Det såraste sporet på skiva, «Heia meg», har ei slags lystig overflate. Likevel spring den ut frå ei tid med einsamheit, motlausheit og kjærleikssorg.

– Terapiklisjeen er faktisk sann. Det er verkeleg nice å få letta på hjartet når ein skriv. Ein får brukt dei negative kjenslene til ei kreativ kraft.

Cezinando håpar denne krafta kan treffe folk – at dei finn seg sjølv i innhaldet. Aller helst på eit djupare nivå.

– Eg skal ikkje skryte på meg at eg skriv for å hjelpe andre. Eg gjer det jo for meg sjølv, ler han.

– Men det er ein jævlig stor bonus om det kan bety noko.

Å utfordre konvensjonane for det å vere rappar, er eit vesentleg prosjekt for Cezinando. Tekstar om manndom, damer, pengar og gjengen, må ein gå andre stader for å finne.

– Det var kanskje litt på tide at nokon tok tak i det konvensjonelle. Sjølv om det ikkje er heilt nytt å vere sårbar – Drake (kanadisk rapartist, journ. anm.) har jo haldt på i fleire år no – så kan det å høyre det på sitt eige språk vere annleis og verknadsfullt. Når nokon seier noko på ein måte du kunne sagt det sjølv.

Gjennom å vere sår og audmjuk i tekstane sine, rettar Kristoffer eit spark mot det inngrodde biletet av manndom i dagens samfunn.

– Klisjeen har vore å rappe om maskulinitet. Eg føler meg maskulin, men ikkje på dei stereotype måtane. Mannen har jo tradisjonelt sett blitt framstilt som modig – ein som ikkje lar seg knekke. For meg er det eit paradoks. Eg føler meg aller mest modig når eg tør å vere sårbar.

For dei som har fulgt Cezinando ei stund, kan hans nyaste materiale nærmast oppfattast som ein musikalsk snuoperasjon. Tekstlinjer som Leve for detta, pule og drekka er erstatta med Det er ingenting som fenger lenger, eller føles ut som en ekte følelse.

– Ein blir eldre, utviklar seg og forandrar seg. Å forandre lyden var aldri eit konkret val.

Svulmande bass, spyttande punchlines og repeterande beats har heller blitt til vokalfokus, klokkespel og strengeplukk på «Noen ganger og andre».

– Norsk urbanmusikk er ofte inspirert av det amerikanske, elektroniske lydbiletet. Mitt organiske sound blir på ein måte antitesen. Eg føler at eg har funne min eigen plass, og lagar musikk som er ekte til den eg er.

Cezinando ser stolt tilbake på tida i Oslos hiphop-undergrunn som formande. Men likevel: Tekstleg var han ikkje sann mot seg sjølv.

– Då eg var yngre og laga punchlinerap, var det for å tøffe meg. Ein lèt jo som, og prøver berre å lage noko feit rap, liksom.

No har han fått med seg blåsarar, og produksjonen er lågmælt. Dei musikalske hiphop-klisjeane er lagd til side, til fordel for at teksten skal få skine. Singelen «Vi er perfekt men verden er ikke det» illustrerer dette.

– Det er ingenting i produksjonen. Berre bass og litt orgel. Ein kan jo ikkje lage ei raplåt utan trommer på refrenget, liksom. Det har vore interessant å kødde med.

Midt i alt dette utfordrande, melodiske nye, er Cezinando likevel sikker på identiteten sin.

– Eg er jo framleis rappar. Eg er ikkje blitt popsongar.

No skal Cezinando ut på vegen, og møte dei som straks skal føle på hans følelsar. Allereie før albumet er sleppt, er turneen straks utseld.

– Det er heilt crazy. Eg lagar jo musikk om kjensler. Så eg håpar at dei som har følt noko ved musikken min, dras til konsertane.

Det gjer dei sikkert: Cezinando er lyden av 2017. Tidsanda for generasjonen som knapt har rørt ei fysisk cd-plate. Med tekstar om mannleg sårbarheit og eit sound som leiar mot ei ny tid, har han vekt ei heil aldersgruppe. Noen ganger er moren min store steiner oppi skoen min, kan det høyrast på det nye albumet. Dei unge kjenner seg igjen. Hiphop har gått frå subkultur til allemannseige på få år. Faktisk er rappen blitt større enn rocken i USA, og er sterkt til stades i ungdoms- og populærkulturen.

Likevel trur Cezinando at han også kan få dei vaksne med på laget.

– Eg likar å tru at eg lagar musikk med substans.

Dei elleve albumspora inneheld mange ord. Det er lange setningar, metta med meining. Men etter 35 minutt tek den personlege, djuptpløyande tonen ein u-sving. Karma er en biiitch, nærmast insisterer R&B-artisten Unge Ferrari, som plutseleg gjestar albumet.

– Me ville fange ein augeblink som er i kulturen nett no. Å ha med Unge Ferrari var difor heilt naturleg – me er jo to av dei som definerer norsk urbanmusikk om dagen. Eg trur det kan vere verdifullt for ungdomskulturen, men også ettertida, å konservere lyden av samtida.

Også ringreven Chirag Patel frå Karpe Diem bidreg til å avslutte albumet på ein ganske annan måte enn det starta. Cezinando er både letta og nervøs før hans inste kjensler no skal treffe folk sine øyrer.

– Eg kjem nok til å tenkje tilbake på dette som ei ganske vill tid. Eg vaknar kvar morgon og har minst ein ting å glede meg til den dagen. Det følest som å leve draumen.

ruthn@klassekampen.no

Cezinando opnar sin noregsturné i Ålesund onsdag 11. oktober. Den neste månaden skal han gjeste 12 stadar, før han 23. november speler i København.