Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171006/PLUSS/171009872

Noko nytt

Av Jens Kihl

Publiseringsdato: Fredag 6. oktober 2017

Seksjon: Innenriks

Kor ofte får du høyre om ein idé i politikken som er verkeleg ny? Altså ikkje berre litt flikking på noko som allereie finst, men ein heilt ny idé? Tenkte meg det, ja. Politikken er jo for det meste å ordne noko som finst. Kvifor? Tja, fordi norsk politikk trass alt fungerer ganske bra frå før, kanskje? Dermed blir mange av debattane av typen «bør vi auke post X med kroner Y».

Eg spurde Facebook om dei hadde idear til kva slags debattar som går litt meir utanfor boksen – eller som gjorde det då dei kom. Her er nokre av svara.

Handlingsregelen

Asylmottak i utlandet

Nedlegging av Politi­direktoratet

Borgarløn

Å dele ut heile olje­fondet til innbyggjarane

Taubane for t-bane

Hyperloop-tog

Å betale regnskogsland for å ikkje svi av regn­skogen sin

Students at risk – systemet der studentar som er utviste frå studia sine på grunn av politisk (opposisjons)arbeid får fullføre studiane i Noreg

Karbonavgift til utdeling

Arbeidstidsreduksjon utan lønskompensasjon

Å hjelpe, ikkje straffe, rusmisbrukarar

Eitt års samfunnsnyttig arbeid for alle innbyggjarar

Tillitsreform i offentleg sektor

Noko som slår ein, er vel at ikkje alle idear er gode berre fordi dei er nye. Så la oss avslutte med ein gamal, men framleis omveltande idé:

Sosialistisk revolusjon