Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171006/PLUSS/171009870

• Held faner for streikande • Fylkestinget på banen

Stør rett til tariff

Av Gunnar Wiederstrøm (tekst og foto), Sekkingstad

Publiseringsdato: Fredag 6. oktober 2017

Seksjon: Innenriks

FANEMARKERING: Med nærare 20 fagforeningsfaner markerte NNN-organiserte støtte til dei streikande polske arbeidarane på fiskeforedlingsverksemda Norse Production.

IKKJE ÅLEINE: Dei streikande polske arbeidarane på Sekkingstad opplever massiv støtte frå heile verda. Norse Production nektar for å ha truga tilsette.

Streik

– Eg er overvelda. At så mange vil støtte oss hadde eg ikkje venta, seier klubbleiar for dei streikande i Norse Production, Krzysztof Jedlokowski.

Plassen framføre innkøyringa til fiskeforedlingsverksemda er fylt med fagforeiningsfaner og kameratar som ønskjer å vise si støtte til dei streikande polske arbeidarane. Det vaklevorne partyteltet frå tidlegare i veka er erstatta med to solide telt. Kokeplater er komne på plass og frå ei stor gryte kjennest den herlege dufta av polsk streikesuppe.

Krzysztof har vanskeleg for å skjule kor stolt han er.

– Kollegaene mine er veldig lukkelege. Moralen stig. Vi er ikkje redde lenger og trur vi skal vinne. Vi er både lukkelege og stolte.

Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), der dei polske arbeidarane er organisert, har samla fagforeiningsstøtte frå heile landet. Her er faner frå Oslo Handel og Kontor, LO i Oslo, NNN-klubbane på Ringnes og Arcus og frå fagforeiningar i Østfold og Trondheim.

FAKTA

Streik for tariffavtale:

• Norse Production, etablert i 2012, driv fiskeforedling for fiskeforedlingsgiganten Sekkingstad i Sund kommune utanfor Bergen.

• Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) freista i 2013 å inngå tafikkavtale med Norse, men verksemda nekta.

• Då fleirtalet av dei polske tilsette melde seg inn i NNN i 2017, kravde desse tariffavtale.

• I meklinga 8. september nekta Norse å inngå avtale, og streiken var eit faktum.

– Uvanleg streik

2. nestleiar i NNN, Jarle Wilhelmsen, seier støtta syner kor viktig denne streiken er for organiserte i heile landet.

– Dette handlar om heilt grunnleggjande rettar i norsk arbeidsliv. At det skal vere naudsynt å streike for denne retten er ikkje vanleg.

Wilhelmsen kan fortelje om støtteerklæringar frå heile landet. Men det stoggar ikkje der. Det kjem støtte frå fagforeiningar i store delar av Europa, jamvel støtte frå Kambodsja, India og New Zealand.

– Dette er sjølvsagt viktig for alle som kjempar for faglege retter, men ekstra viktig for dei som streikar her på Sotra. Dei ser at den kampen dei har starta, har stor støtte. Dei står ikkje åleine, seier Wilhelmsen. Han viser til at dei streikande frå dag éin fekk høyre frå andre at ingen ville bry seg.

– Folk bryr seg, slår Wilhelmsen fast.

Fylkestinget støttar

Jamvel frå Hordaland fylkesting har det kome støtte til dei streikande. Onsdag kom støtteerklæringa opp som ekstrasak på slutten av tingsetet. Høgre stemte mot å setje saka på sakskartet, men fekk ikkje andre parti med seg. I erklæringa frå fylkestinget heiter det mellom anna.

«Hordaland fylkesting meiner at retten til å vera organisert og retten til ein tariffavtale er ein av dei viktigaste grunnpilarane i norsk arbeidsliv og er viktig for både arbeidstakar og arbeidsgjevar.»

Det var SV som tok initiativet til støtteerklæringa, som Venstre, Høgre og Frp røysta imot.

Klubbleiar Krzysztof Jedlokowski voner støtta også kan gjere inntrykk på arbeidsgjevaren.

– Dei seier dei ønskjer å møte oss, men med mindre dei aksepterer vår grunnleggjande krav om tariffavtale og norske arbeidstilhøve, vil vi vente til det oppsette meklingsmøte 12. oktober.

Dagleg leiar i Norse Production, Tom Lerberg, skriv i ein e-post til Klassekampen at grunnen til at han ikkje kan godta tariffavtale, er at NNN ikkje vil gje verksemda garanti for den turnusordninga dei har i dag. Han skriv at denne ordninga er godkjend av Arbeidstilsynet.

Utan turnusordninga må verksemda leggjast ned, fordi dei aller fleste tilsette bur i Polen og ikkje kan flytte til Noreg.

Lerberg avviser at verksemda har truga tilsette, og i e-posten skriv han at føretaket ikkje driv mafiaverksemd. Ingen tilsette skal miste arbeidet fordi dei har streika, skriv Lerberg. Men ein avtale vil auke kostnadane, og det vil krevje det Lerberg kallar ei «tilpassing av organisasjon og arbeidsstokk».

gunnarw@klassekampen.no