Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171006/PLUSS/171009864

Litt hjelp i jungelen

Av Odd Tarberg,
Ålesund

Publiseringsdato: Fredag 6. oktober 2017

Seksjon: Debatt

forløysinga: Det finst eit namn for Aps problem, Bals.

frihandel

I Gryr i Norden-spalta 3. oktober skriv Ap-rådgivar Jonas Bals ei samanhengande argumentasjonsrekke mot TiSA-avtalen (Trade in Services Agreement, red.anm.). Men utan å våge å nemne denne avtalen med eit ord. Den «markedets jungel» som Bals så presist beskriv konsekvensane av for arbeidstakarane, vil Tisa gjere vesentleg verre enn i dag, men Bals ser ikkje den mest opplagde konklusjonen han bør trekke, nemleg å seie nei til denne avtalen.

Initiativtakarane til Tisa er nemleg uttrykkelege når dei presenterer målsettinga for avtalen. Dei vil at den sterkaste sin rett (jungellova) skal gjelde, slik at dei mest konkurransedyktige internasjonale konserna ikkje møter «unødige» hindringar over landegrensene.

Jonas Gahr Støre, som Bals skal gi råd til, har nekta å vere med på debatt om Tisa, noko også LO-leiinga lydig fylgde opp. Vi fekk derfor ein valkamp der Ap stod fram som like TiSA-venleg som Høgre/Frp-regjeringa. Ap leiinga slo på denne måten frå seg tusenvis av oppglødde, liberalismekritiske TiSA-motstandarar, ein vesentleg grunn til at Ap tapte stortingsvalet.

Det er å håpe at Ap- og LO-folk les denne spalta til Bals, og set den opp mot det som er den uttrykte målsettinga for Tisa-avtalen. Korleis Ap kan stille seg så positive til TiSA-avtalen som leiinga hittil har gjort, vil då stå fram som eit uforståeleg paradoks.

otarberg@mimer.no