Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171006/PLUSS/171009860

Om dei som vil men ikkje kan få fredsprisen

Av Tollef Ås,
sinolog

Publiseringsdato: Fredag 6. oktober 2017

Seksjon: Debatt

Nobels fredspris

År om anna hev eg per lesarbrev sendt inn vurdering av fredsprisutdelinga her i Klassekampen så snart som «vinnaren» vart kjend. I dag vurderer vi kort iførehand kven som ikkje vil kunne motta prisen i år enda om dei skulle ynskt seg han.

1. Dei upassande og passé

• Slike som Malala: Det er no litt passé å hevde retten til å drive skulepenge-undervisning kun for unge kvinner.

• Dei som føreslæg nedrusting før dei ikkje gjer det sjølv (jf. USA-mulatten av tysk morsslekt).

• Ingen pris til flyktninghjelpe- eller hungersbistandgrupper: Dei hev ikkje makta jobben sin.

• Kanskje kunne komitéen gje ein ikkje-pris til Verdas matvareorganisasjon (WFO) eller åt genmodifikator-businessar for å ikkje ha budd fattige land i Verda til å motstå avlingssvikt.

2. «Just too queer?»

• Chelsea Manning som sette US Army i dårlegt ljos. Folk kunne jo ta til å tenkje att på Guantanamo.

• Edward Snowden og Julian Assange som slapp laus dokument som tidlegare ikkje er blitt prenta i Aftenposten og Dagbladet. Og framleis gjer ugagn mot berre USA og Stoltenberg d.y. Viss dei kom til Oslo ville dei måtte bli vidare-ekspedert til USA og Sverige: Ublid skjebne! Dét ville vori som å gje Mullah Omar fredsmedalje og fluxens sende mannen åt Bagdad. Elles ville alle tre vori særs vel-eigna og verdige av di dei alle verner visse land ved ikkje å gje ut kva dei veit om Israël og Saudi-Arabia. Men meldt om USA-vurderinga av Stoltenberg den Yngre.

3. Opplagte men ueigna

• «Dei kvite hjelmane» i Syria: Ei tildeling ville trekt meir merksemd mot pengetilgang, ISIS-tilknytninga og gassåtaka deira.

• Iran-avtalen (og bøikotten mot iransk økonomi): U-moglegheit fordi takketalarar konne koma til å nemne ayatolla Khomeinis fatwa mot atomvåpen-produksjon. Samt at Iran hev makta selja olje til Kina utan betaling i US-dalarar. Det ville blitt å likne med fredspris åt USA for å ha boikotte Chôson (Nord-Korea) eller Kuba.

• Kina for hjelp og handel med nemnde Chôson.

• Russland for å gjennomføre økologisk landbruk gjennom å forby biocider (kjemisk plantevern) og genmodifisering i jordbruket. Altso ein anti-Borlaugpris.

• (Den aukande edruskapen i Russland under Putin burde få dei ein kombinert medisin- og freds-nobelpris neste år.)

• Ingen USA-politikar kan få prisen dersom væpna strid sambandsstaten er del i ikkje sluttar og viss vedkomande sat ved makta medan den pågjekk.

4. Dei som hang heilt i tampen

• Sasakawa Ryoichi var ein japansk gængsterkonge (ulovleg tipping på spidbåt-res) og filantrop som vart nominert kvart år før han tok reper’n i 1995. Kjende so mange andre skurkar som fekk Prisen at han ôg følte han burde.

• Donald Trump, som kunne fått han om han hadde oppfyllt val-løfte sine. Og elles for same bakgrunn som herr Sasakawa (s.d.) før honom.

johan.jorgen@holst.no