Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20171003/ARTICLE/171009989

• Sørlandet råka av flaum • Norske kommunar er ikkje førebudde på framtidas vêr

Manglar 225 milliardar

Av Anne Kari Hinna

Publiseringsdato: Tirsdag 3. oktober 2017

Seksjon: Innenriks

BLAUTT: Regn og uvêr gjorde det vanskeleg å komma fram mange stadar på Sørlandet i går. Bildet er frå Drangsholt ved Kristiansand. Foto: Tor Erik Schrøder, NTB Scanpix

VARSKU: Framtidas vêr blir våtare. ­Ingeniørar åtvarar om eit enormt ved­likehaldsetterslep i vass- og avløpsnettet landet over.

FLAUM

Enorme mengder nedbør på kort tid gjer store skadar på Sørlandet. Eit titals vegar var stengt i landsdelen i går, og fleire personar måtte evakuerast.

Norske kommunar er ikkje førebudde på eit våtare klima. Det meiner Norske rådgivende ingenørers forening (RIF), som meiner alle kommunar må påleggast å utarbeida ein plan for å handtera klima­endringar.

Administrerande direktør, Liv Kari Skudal Hansteen, ber også regjeringa å utarbeida ei stortingsmelding om vass- og avløpssituasjonen.

– Mange kommunar har ikkje tatt inn over seg klimaendringane, og at det kjem så mykje regn på ein gong. Det må planleggast på ein annan måte.

– Me meiner alle kommunar bør vera pålagde å ha ein plan for å beskytta seg mot klimaendringane. Det kjem til å bli mykje skadar framover.

FAKTA

Uvêr på Sørlandet:

• Regn, flaum og jordras har gjort store materielle skadar på Sørlandet dei siste dagane.

• Måndag var minst femti vegar stengde.

• I Lindesnes i Vest-Agder blei ein bilist tatt av vatnet frå elva Audna.

• Fleire personar måtte evakuerast på ulike stadar i landsdelen.

• Det var ikkje meldt om alvorlege personskadar då Klassekampen gjekk i trykken i går. Kjelde: NTB

Gigantrekning i vente

RIF har sjølv laga eit anslag på vedlikehaldsetterslepet på vass- og avløpsnettet i kommunesektoren. Det er no på 225 milliardar kroner.

– Kvifor har etterslepet blitt så stort?

– Det er nok litt mangel på kunnskap om situasjonen. Så gruer kommunepolitikarane seg til å setta opp avgiftene.

Finansiering av vass- og avløpsnettet skjer etter det såkalla sjølvkostprinsippet. Investeringar skal med andre ord finansierast med avgifter.

Mykje av vass- og avløpsnettet i Norge er gamalt, og bygd i ei tørrare tid.

– Det er ikkje dimensjonert for store vassmengder.

Hansteen åtvarar om at dårleg infrastruktur også utgjer ein hygienerisiko dersom drikkevatn og avløpsvatn blandar seg.

Sjølv om ansvaret ligg hos kommunane, saknar RIF at nokon tar eit overordna ansvar.

– Me opplever at ingen departement tar eigarskap til det. Ein av statsrådane må ta eigarskap til dette, seier Hansteen.

Ho peiker både på kommunalministeren, klimaministeren og samferdselsministeren som aktuelle for oppgåva.

Klima i endring

For meir vått vêr og fleire storflaumar, må Norge bu seg på framover. Det seier klimaforskar Elin Lundestad ved Meteorologisk institutt.

Ho fortel at Meteorologisk institutt legg til grunn at det framover vil komma 18 prosent meir nedbør i året, samanlikna med perioden 1960–1990.

– Er dette ein del av klimaendringane?

– Ja, me trur det, seier ho.

annekarih@klassekampen.no

UNDERSAK

– Klima er eit gjennomgåande tema hos oss

Rådmann Tor Sommerseth i Kristiansand kommune seier at kommunen har ein langsiktig plan for oppgradering av vass- og avløps­nettet.

– Me har nok mange av dei same utfordringane som kommunesektoren generelt. Såpass ærlege skal me vera, seier Sommerseth.

Men, seier han, bystyret har dei siste åra prioritert å oppgradera vass- og avløpsnettet.

– Hovudinntrykket er at me også har eit stort vedlikehaldsetterslep, men dei siste åra har bystyret prioritert det. Det er likevel ikkje gjort over natta. Det er ei stor utfordring, seier han.

Men rådmannen i Kristiansand trur ikkje det er ein god idé å pålegga kommunane ein eigen plan for handtering av klimaendringar.

– Me har nyleg revidert samfunnsdelen i kommuneplanen, der klima er eit gjennomgåande tema. Me har høg kunnskap om, og fokuserer på, dette, seier han.

Dei siste dagane er det både flaum og ras som har gitt skader i Kristiansand som følge av dei store nedbørsmengdene, ifølge Sommerseth.

– Me har hatt kontroll på situasjonen, seier han.