Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20170804/PLUSS/170809779

Lyrikk

Det elementære

Av Tekst: Helge Torvund Illustrasjon: Knut Løvås

Publiseringsdato: Fredag 4. august 2017

Seksjon: De nære ting


Odene kan hjelpa oss å sjå det høg­stemte i dei kvardagslege tinga. Som ein lauk eller ein sokk.

DE NÆRE TING

Når ein høyrer omgrep som «poesi» og ikkje minst det litt gamalmodige ordet «ode» så vil me ha ein tendens til å tenkja på litt høgtidelege tekstar, fjernt frå kvardagens trivialitetar og meir banale gjeremål. Nå tyder jo òg det greske ordet som «ode» kjem frå, rett og slett «høgstemt lyrisk dikt», medan ordet «poesi» stammar frå eit ord som tyder meir generelt «å skapa, å frambringa».

På norsk har jo adjektivet «poetisk» tydinga «stemningsfull, romantisk». Det er difor talande at eit av dei mest kjente dikta som har «ode» i tittelen, er eit dikt av den britiske poeten John Keats som heiter «Ode til en gresk vase». Dette er dikt som ser attende, står i gjeld til tradisjonelle uttrykksformer og gamle kulturar.

Diktet byrjar slik i Nordahl Grieg si gjendikting:

Du stillhetens jomfruelige brud,

du barn av fred og tidens sene gang,

du sagaskriver som kan bære bud

om det du kjenner, skjønnere enn sang!

Det er lett å sukka når ein les slikt som dette, og ein innser at dette er ei dikting som er litt rebusaktig og puslespel-liknande. Ein må finne ut av ting her, før ein heilt kan gripe det som vert formidla. Men då kan det òg verta både rikt og innsiktsfullt, vemodig og velklingande vakkert.

Når ein ode vanlegvis er denne typen litt gåtefulle hyllingsdikt, er det difor noko paradoksalt når samletittelen på dei tekstane eg skal omtala her er «Elementære oder». «Elementær» tyder jo nettopp ikkje noko høgtflygande og romantisk, tvert om noko «grunnleggjande» og noko som gjerne er «for nybyrjarar». Den første læreboka innan eit fag har gjerne ordet «elementær» i tittelen.

Men midt i førre hundreåret byrja ein chilensk poet å skriva svært direkte og tydelege, enkle og talande oder til dei aller næraste og mest kvardagslege tinga kring oss. Tjue år seinare, i 1971, fekk han Nobelprisen i litteratur. Namnet på forfattaren er Pablo Neruda, og nokre av dikta har titlar som «Ode til lauken», «Ode til brødet» og «Ode til poteta». Og, eg heldt på å seia, det blir verre: Han skriv odar til piggtråd, såpe, sokkane sine og til stein.

Dette er altså dikt som likevel har overlevd, som har halde seg levande i 60 år nå. Og så nyleg som i 2009 kom den aller første samlinga med Neruda sine elementære oder ut på norsk, i gjendikting av Kari Naümann. Før det fanst sju av desse odane gjendikta i Kjartan Fløgstad si Neruda-bok som kom på Bokklubbens Lyrikkvenner i 1973, og fem av odane som handlar om mat, er gjendikta i Henry Nottaker si bok Bordets Poesi, den òg i Bokklubbens Lyrikkvenner, 1989.

På dansk finst det ei fin gjen­dikting av alle dei tre banda med elementære oder som Neruda publiserte. I ei innbunden bok på 766 sider har Peter Sibast gjendikta «De elementære oder» frå 1954, «Nye elementære oder», 1956, og «Tredje bind elementære oder» frå 1957. Ei sann skattekiste. Ei tjukk og lett­lesen bok som er god å ha i fanget.

Når ein diktar av slikt format som Neruda vender seg mot dei nære ting og syng, då vert dette ei slags dobbel gåve til oss lesarar. For det første maktar han å lage utruleg vakker og meiningsfull poesi om det å bita i eit søteple, om det å kjenna lukta av ved om natta eller det å vitja ein landsbykino. I andre hand fører dette til at me får fornya vår tilknyting til tinga kring oss. Til verda me lever i. Me vert meir merksame og opne for sanseinntrykka. Når han, her i Fløgstad si gjendikting, opnar døra om natta og kjenner lukta av tre:

Som ei hand

frå det mørke huset

kom den sterke

lukta

av tørr ved.

Diktaren klarer på nesten magisk vis å få lukta av nyoppsaga treverk til å stiga opp frå alfabetet og inn i våre luktnerver, og han skildrar det slik at me veit, at neste gong me kjenner denne angen, vil me stoppa opp litt ekstra og prisa sansane og verda og augeblenken. Fordi det ikkje bare er lukta av eit bestemt tre:

men noko endå meir løyndomsfullt,

fordi denne gode lukta

fanst berre

denne eine gongen,

denne eine gongen,

og der, etter alt eg hadde sett i verda,

der, i mitt eige

hus, om natta, ved eit vinterkaldt hav,

venta

lukta av den vakraste rosa på meg,

det utskorne hjarta til jorda …

Me merkar at det poeten arbeider med i desse dikta har ein parallell i målarkunsten. Når Helene Schjerfbeck i 1885 i sitt maleri «Lökar» møysommeleg måla fram forma og lyset i og kring fire laukar, er det som me får ei kjensle av å trengja inn i denne blandinga av det heilt konkrete, og det mystiske mirakelet ved at ting verkeleg finst til. Om lauken skriv Neruda i Fløgstad sitt språk:

lysande karaffel,

blad for blad

vart venleiken din forma,

med skjel av krystall voks du fram,

og løynd i den svarte jorda

saug kroppen din til seg dogg.

Under jorda hende dette miraklet,

og då den grøne stilken din

stakk fram,

og blada dine spirde

i hagen som sverd,

samla jorda heile rikdommen sin

og synte fram den gjennomsynlege

og nakne kroppen din …

Og slik den finske bilethoggaren Kain Tapper tappert arbeidde med å konkretisera så uhandgripelege ting som sjølve natta i sin steinskulptur «Yö» (Natt), skriv Neruda, og her er i Naümann sin versjon, òg fram dette underlege fenomenet natt, det som famnar om oss når me søv:

Du er vakrere,

fordi du med ditt mørke blod nærer

valmuen som skal springe ut,

fordi du arbeider med lukkede øyne

for at øyne skal åpnes,

for at vannet skal synge

for at våre liv

skal gjenoppvekkes.

I byrjinga av «Nye elementære oder» skreiv Neruda at han ville at alt «skal vera/ handgripeleg,/at alt skal vera/ kopp eller verkty./Eg vil at folk stig inn/ i jernvarehandelen/gjennom døra i mine odar … Eg byggjer mitt hus/av glasklare odar/for at alle kan/leva i det.»

Når ein trur diktet skal vera konkret, så kjem det eit om rastløysa og eit om nået, frå dikt om bia kjem ein til dikt om einsemd og havets lys. I sin tale ved mottakinga av Nobel­prisen sa Neruda at han trur diktet må innehalda like store delar einsemd og solidaritet. Det kan henda at havets lys er einig i det.

htorvund51@gmail.com