Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20170405/ARTICLE/170409985

Lausarbeid

Av Kjell-Erik N. Kallset

Publiseringsdato: Onsdag 5. april 2017

Seksjon: Lederen

• Kampen mot lausarbeidarsamfunnet ser ut til å stå sentralt på LO-kongressen i mai. Leiaren i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeidarforbund, Jan-Egil Pedersen, vil forby bemanningsbyråa i fleire bransjar. Bakgrunnen er veksten i bemanningsbransjen sidan tusenårsskiftet, etter at det i 2000 vart lovleg å leige ut alle typar arbeidskraft Norge og etter EU-utvidinga i 2004. I dag pregar vikarbyrå bygg- og anleggsbransjen, men også fiskeindustrien og andre næringar. Arbeidsvilkår har vorte svekt, lønnskonkurransen har vorte hardare, og fleire i vikarbyrå får ikkje lønn mellom oppdrag. I staden for faste jobbar, blir dei lausarbeidarar. Mange tør ikkje organisere seg, og problema blir større når fagrørsla blir svekt. Det minner om fagforeiningsknusing, seier Jan-Egil Pedersen i NNN.

• EØS-avtalen har bana vegen for bemanningsbransjen og utfordrar på fleire område interessene til arbeidstakarane. Derfor arbeider fleire faglege aktivistar for å få sagt opp avtalen. Likevel har det vore fleirtal for EØS-avtalen både i LO, på Stortinget og blant veljarane. Det vil bli ein ny diskusjon om EØS på grunn av brexit og fordi Storbritannia skal få ei ny tilknyting til EU. Sjølv om venstresida i LO har hastverk med å seie opp eller reforhandle EØS-avtalen, vil det gå mange år før noko slikt kan skje. I mellomtida må fagrørsla presse på for at Norge skal nytte handlefridommen som finst innanfor EØS-avtalen til å forsvare og styrke interessene til arbeidsfolk.

• Når NNN og sterke krefter i Fellesforbundet vil innføre forbod mot vikarbyrå innan bransjane deira, er dette tiltak som kan settast ut i livet. Fellesforbundet hadde nyleg besøk frå tysk fagrørsle, som fortalde at det i Tyskland har vore forbod mot innleige av arbeidarar frå bemanningsbyrå i byggebransjen heilt sidan 1982. Dette er eit effektivt tiltak som har gitt faste jobbar og tryggare arbeidsvilkår, og dessutan kan det skje innanfor reglane for den indre marknaden i EU. Norge treng ei regjering som vil lytte til fagrørsla og som er innstilt på å nytte handlingsrommet innan EØS-avtalen til å hindre at vi får eit lausarbeidarsamfunn.