Fredag 4. februar 2005
Korleis kan vi forstå?
- Korleis kan ein snakka om det ufattelege, utan at sjølve språket endrar seg, undrar kunstnaren Victor Lind. Han har sjølv arbeidd med liknande problemstillingar som «Der Untergang», men frå heilt andre vinklar.

- Korleis skildra det uhyrlege? Det er dét det handlar om, seier kunstnaren Victor Lind.

Når Klassekampen spør om Lind sin reaksjon på «Der Untergang», filmen om Hitlers siste dagar i bunkeren, svarar han med å visa oss nokre av sine eigne arbeid.

Videoinstallasjonen «Det sublime» (1998) er ein «loop» av Hitler som helsar på ein ung gut i Hitler-Jugend. Guten er ein i ei rekkje, kamera står bak rekkja og vi ser berre bakhovudet og skuldera hans, medan andletet til Hitler vender tydeleg mot oss. Føraren smiler, klappar guten på kinnet og tar han fast, men venleg i øyret. På lydsporet høyrer vi fragment av ein forvrengt «alpemelodi».

Scenen er kjend. Den er fanga både av film og foto, og regissør Oliver Hirschbiegel parafraserer den i «Der Untergang».

- Det er flott, seier Lind sarkastisk. - Det er liksom høgdepunktet i europeisk kultur. Den vesle skal straks sendast ut for å kjempa for Det tredje riket.

Jødeaksjonen

Victor Lind har vore ein klårt artikulert samtidspolitisk kunstnar gjennom nærare 40 år. Han var ein av initiativtakarane til den anarkistiske kunstgruppa Gras på 1970-talet. Dei siste 15 åra har han arbeidd særleg med det ein kan kalla eit historisk avdekkings- og rekonstruksjonsprosjekt. Han har grave seg ned i omstenda kring «jødeaksjonen» i Oslo 26. november 1942, og den manglande rettslege forfølginga av politiinspektør Knut Rød, som stod ansvarleg for den praktiske gjennomføringa. 532 jødar - menn, kvinner, barn - vart henta i sine heimar kl. 04.30 om morgonen og køyrde i 100 drosjar, tinga av statspolitiet, til Vippetangen. Derifrå frakta Donau dei til Tyskland, vidare bar vegen til Auschwitz. 11 kom tilbake etter krigen. Berre tilfellet hindra at den då to år gamle Victor og mora, den jødiske Lilya Slotnikoff, vart med transporten.

I 1998, på same dato og tidspunkt, filma Lind ein rekonstruksjon av denne hendinga med 100 drosjar køyrande i konvoi gjennom eit vintermørkt Oslo. Filmen har seinare gått inn i installasjonen «Who is afraid? Contemporary Memory».

- Når ein skal nærma seg noko ufatteleg, må ein ta tak i noko gripbart, konkret og attkjenneleg - som ein drosjebil, hevdar Vicor Lind. Han har forska mykje i det han sjølv har kalla «meddelelsens problem i forbindelse med hendelser vi verken har ord eller bilde for» og representasjonen av Den Andre - «de som til en hver tid treffes av hendelsene og om vårt forhold til dem. Deres erfaringer vil uten tvil være annerledes enn våre inntrykk av deres erfaringer.»

Nytt språk

Lind trur absolutt det kan ha noko for seg å gå inn på nazitoppane som menneske og granska kven dei var, slik «Der Untergang» freistar. Det er det same han har gjort i dei mange arbeida om politiinspektør Knut Rød. Men han er skeptisk til kva rom for refleksjon ein lineær, kronologisk handlingsfilm gjev oss som sjåarar. Han minner om at det heller ikkje er slik tankane våre fungerer, med mindre nokon strukturerer dei for oss.

- Dette er eigentleg ikkje ein estetisk kritikk av den filmatiske realismen i «Der Untergang», som er dyktig utført, særleg med hjelp av dei fantastiske skodespelarane, men når innhaldet blir hemma av midla som blir brukte, då blir forma viktig.

- Korleis kan ein snakka om det ufattelege, utan at sjølve språket endrar seg, spør Lind.

I videoinstallasjonen «Alt for Norge» (2002) viser Lind bilete av Knut Rød på ein skjerm medan han på lydsporet nøkternt oppsummerer krigshandlingane til Rød som ein slags CV lagt fram i «eg-form». Mellom anna «tilstår» Rød via røysta til Lind korleis han gjennom jødearrestasjonane var ansvarleg for drapet på sin nabo og advokatkollega Håkon Laksov. På ein annan skjerm fortel to kvinnelege vitne vekselvis og i brokkar om hendingane: Laksovs enke, Amalie Laksov, og motstandskvinna Amalie Christie, som freista å åtvara jødar før aksjonen. Amalie Laksov var mellom dei som vart åtvara i tide. Ho greidde å flykta med sonen Dan, som var like gammal som Victor Lind.

Kontekst

- Udyra er ofte familiemenn og kvinner som alle sit ved skriveborda sine og berre skriv einskildbokstavar i den store samanhengen.

Kritikken mot menneskeleggjering av Hitler synest Lind difor er tullete.

- Ein må ned til det faktum at dette var menneske, elles ender vi opp med abstrakt prat av typen «vondskapens akse». Eigentleg skulle eg ønska dei hadde gjort menneska i bunkeren meir menneskelege, men om det blir berre individualisering og psykologisering, blir det skeivt. Eg hugsar frå min ungdom, korleis mitt politiske bilete fall i grus då rettssaka mot Adolf Eichmann avslørte at han ikkje hadde hatt ein traumatisk barndom eller noka liknande, negativt formande oppleving i livet, men var ein balansert og lukkeleg familiemann.

Lind hevdar ein må tilbake til Det gamle testamentet sine skildringar av Sodoma og Gomorra for å finna noko som liknar det som er skildra i «Der Untergang».

- Ein må jo lura på kven som ønska eit slikt regime. Det var ikkje galningar som stod bak Det tredje riket, nokon såg seg tent med det. Slike som Krupp, Ford og Hydro. Dette er fråverande i filmen. Og det er slike ting som får meg til å tenkja på kor likeglade vi er med kven som kjøper seg regjeringar på same vis i dag, slik som Halliburton.

Sjølv har Lind freista å nytta sine eigne verk til å dra liner i historia, som kvifor politiinspektør Rød - denne døden sin byråkrat som finst i alle land - ikkje har vorte straffa i Noreg, men vart pensjonert frå politiet med heider og takk i 1965.

Lind er oppteken av at det er lett å bli blind for overgrepa i si samtid og korleis forteikna på politikken skiftar med historia sin gang - ting som blir rekna for legal politikk og jamvel nytta som propaganda i dag, kan enda som prov på kriminalitet i morgon. Han har difor følgt opp USA si handsaming av fangane på Guantanamo, og rekonstruert modellar av fangebura dei nyttar der. Han har også planar om å laga eit verk til opninga av Holocaustsenteret neste år, som dreg parallellar mellom jødeaksjonen i 1942 og adventsaksjonen mot ulovlege innvandrarar i Noreg i 2002, då politiet arresterte og sendte ut av landet folk som oppheldt seg her ulovleg. Det skjedde 26. november. På dagen 60 år etter jødeaksjonen.

@sitat:«Ein må ned til det faktum at dette var menneske»

viktor lind, kunstnar

@@sitat:«Det var ikkje galningar som stod bak Det tredje riket, nokon såg seg tent med det»

viktor lind, kunstnar

@

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.23
Onsdag 17. oktober 2018
To småforlag føler seg ført bak lyset av Kulturrådets innkjøpsordning. – Det føles som om de har rappa bøkene våre, sier forlegger Andreas Høy Knudsen.
Tirsdag 16. oktober 2018
To av tre menn er bekymret for feilaktige anklager om seksuell trakassering etter metoo.
Mandag 15. oktober 2018
Jo Strømgren Kompani styrer mot nedleggelse, og Verdensteatret kan måtte avlyse verdensturné. Snart vil Kulturrådet besegle skjebnen til to av landets fremste kompanier.
Lørdag 13. oktober 2018
Hver tredje unge mann er blitt mer forsiktig med hva han sier og gjør etter metoo, viser ny undersøkelse.
Fredag 12. oktober 2018
Frp-velgere flest er skeptiske til metoo-kampanjen, viser en ny meningsmåling. – Sunt, mener Silje Hjemdal, likestillingspolitisk talsperson i partiet.
Torsdag 11. oktober 2018
Regjeringens forslag om et lavterskeltilbud for saker om seksuell trakassering får stor oppslutning. Men arbeidsgivere frykter for de anklagedes rettssikkerhet.
Onsdag 10. oktober 2018
Mens regjeringen åpner lommeboka for nye museumsbygg, blir drifts­budsjettene kuttet for femte år på rad. Flere kulturbygg må stenge dørene.
Tirsdag 9. oktober 2018
Etter fem år med blåblå kulturpolitikk vil opposisjonen på Stortinget stanse regjeringens forsøk på å dreie kunst- og kultur­livet i en mer markedsliberal retning.
Mandag 8. oktober 2018
Gaveforsterkningsordningen blir videre­ført til neste år, selv om sterke aktører i kulturlivet mener den bør skrotes.
Lørdag 6. oktober 2018
Bøkene til blogger Annijor og «Ex on the beach»-Henrik tydeliggjør behovet for et etisk regelverk for sakprosa, hevder advokat. – Det er viktigere å utfordre grenser enn å vedlikeholde dem, mener Forlegger­foreningen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk