På tide med ein joggetur?

Human-Etisk Forbund ynskjer berre å byte ut ei kyrkje med ei anna og innsetje Lars Gule som erkebiskop. Det meiner dominikanarmunken Arnfinn Haram, som òg synest statskyrkja treng litt mosjon.

Generalsekretær i Human-Etisk Forbund Lars Gule har erta på seg representantar frå statskyrkja ved å hevde at den norske kyrkja er vorte eit tomt skal og at befolkninga er langt meir sekularisert enn statskyrkja er viljug til å innrømme. Men dominikanarmunk Arnfinn Haram lét seg ikkje provosere. Tvert om ser han store likskapar mellom Gule og kyrkjerådsdirektør Erling Pettersen.