– SV må ta stilling
Onsdag 26. januar, 2005
– SV kan få ei heilt avgjerande rolle i pensjonskampen. Ingenting i denne saka er avgjort enno. Om vi tar klar stilling mot kutt, kan det bli viktig for dei som har same syn i LO og Ap, seier stortingsrepresentant Audun Lysbakken (SV) til Klassekampen. Striden om kutt i pensjonssystemet hardnar til fram mot SVs landsstyremøte 11. til 13. februar. Og den går rakt gjennom finansfraksjonen på Stortinget. Nestleiar Øystein Djupedal høyrer til fleirtalet i sentralstyret i SV. Kollega i finanskomiteen Audun Lysbakken støttar innstillinga frå mindretalet (sjå boks). – Eg avviser kutt i folketrygda, seier Lysbakken. Og han åtvarar mot alle forslag om at SV ikkje skal ta stilling til det største innstrammingsforslaget frå regjeringa. Dette er forslaget om å redusera den årlege pensjonen når levealderen aukar, såkalla delingstal. Det medfører i 2050 18 prosent kutt i folketrygda, ifølgje instillinga til Pensjonskommisjonen. Må på bana– SV må for all del ikkje utsetja dette spørsmålet. Landsstyremøtet i februar og landsmøtet i mars må ta klart stilling til spørsmålet om nedskjering. Det er føresetnaden for å mobilisera eit folkeleg engasjement. – Korleis då?– Det blir vanskelegare å reisa motstand mot kutt når høgresida kan visa til at «til og med SV er usikre». Når venstresida ikkje tar stilling, blir det ingen samfunnskamp om dei økonomiske rammene.Fryktar sidesporI Klassekampen i går skreiv SV-veteran Dag Seierstad at «Det som kampen står om i 2005, er hvilken fordelingsprofil trygdeytelsene skal ha». Dette er også standpunktet til Kristin Halvorsen, Øystein Djupedal og fleirtalet i sentralstyret. – Ja, det er veldig viktig å ta kampen om fordelinga internt i pensjonssystemet. Men eg er usamd i at dette er det viktigaste punktet no, svarer Lysbakken. No er det striden om nedskjering som er den aller viktigaste, meiner han. Og fryktar at det einsidige fokuset på fordelingsprofilen kan bli ei lagnadstung avsporing. – Eit kompromiss som gjev litt betre fordeling kan bli brukt som brekkstong for å få i gjennom store kutt, uttaler Lysbakken.I Pensjonskommisjonen støtta SVs nestleiar Henriette Wetsthrin alle kuttforslag, men gjekk inn for ein annan fordelingsprofil enn fleirtalet. PrivatiseringLysbakken meiner forslaget frå regjeringa er ei storstilt privatiseringsreform. – Dette handlar ikkje primært om kor store utgifter samfunnet skal ha til pensjon, men kven som skal forvalta pensjonssparinga i framtida, seier han. Svært mange vil erstatta det dei tapar på nedskjeringane med privat sparing og tenestepensjonar forvalta av private forsikringsselskap. – Dette er ei de facto privatisering av delar av pensjonssparinga. I vårt samfunn har finanskapitalen fått ei enorm makt. Venstresida må ikkje bli fødselshjelp for ei reform som styrkar denne makta endå meir, seier stortingsrepresentanten. Lysbakken støttar også mindretalsinstillinga i spørsmålet om besteårsregelen. Den skal ikkje vekk før det finst eit betre alternativ, er standpunktet. Kuttar i sirkelInnstillinga frå Kristin Halvorsen og fleirtalet argumenterer med at det er viktig ved ein pensjonsreform å «sikre at økte utbetalinger ikke undergraver finansieringen av andre viktige velferdsordninger». Lysbakken trur ikkje denne tenkemåten er så veldig klok. – Argumentasjonen har i mange år handla om at vi må kutta i velferdsstaten for å redda velferdsstaten. Erfaringane så langt, ikkje minst frå Storbritannia, viser at det ikkje fungerer slik, meiner han. – Kutta reddar ikkje velferdsstaten. Dei undergrev velferden. Dei fører til auka etterspørsel etter private løysingar. Og deretter til nye kutt. No står striden om landsstyremøtet. Og deretter om landsmøtet i Kristiansand. Lysbakken trur det er fullt mogleg at partileiar Kristin Halvorsen går på eit nederlag i denne saka. – Eg trur standpunkta til mindretalet i sentralstyret kan vinna fram i partiet, seier han. Og insisterer igjen på at SV må ta stilling. – Vi har ingen grunn til å gå utanom. Om vi ventar med å ta stilling i dei store spørsmåla, kan løpet vera køyrt når vi endeleg tar eit standpunkt.@sitat:«Kutta reddar ikkje velferdsstaten. Dei undergrev velferden»Audun Lysbakken, SV @
– SV kan få ei heilt avgjerande rolle i pensjonskampen. Ingenting i denne saka er avgjort enno. Om vi tar klar stilling mot kutt, kan det bli viktig for dei som har same syn i LO og Ap, seier stortingsrepresentant Audun Lysbakken (SV) til Klassekampen. Striden om kutt i pensjonssystemet hardnar til fram mot SVs landsstyremøte 11. til 13. februar. Og den går rakt gjennom finansfraksjonen på Stortinget. Nestleiar Øystein Djupedal høyrer til fleirtalet i sentralstyret i SV. Kollega i finanskomiteen Audun Lysbakken støttar innstillinga frå mindretalet (sjå boks). – Eg avviser kutt i folketrygda, seier Lysbakken. Og han åtvarar mot alle forslag om at SV ikkje skal ta stilling til det største innstrammingsforslaget frå regjeringa. Dette er forslaget om å redusera den årlege pensjonen når levealderen aukar, såkalla delingstal. Det medfører i 2050 18 prosent kutt i folketrygda, ifølgje instillinga til Pensjonskommisjonen. Må på bana– SV må for all del ikkje utsetja dette spørsmålet. Landsstyremøtet i februar og landsmøtet i mars må ta klart stilling til spørsmålet om nedskjering. Det er føresetnaden for å mobilisera eit folkeleg engasjement. – Korleis då?– Det blir vanskelegare å reisa motstand mot kutt når høgresida kan visa til at «til og med SV er usikre». Når venstresida ikkje tar stilling, blir det ingen samfunnskamp om dei økonomiske rammene. Fryktar sidesporI Klassekampen i går skreiv SV-veteran Dag Seierstad at «Det som kampen står om i 2005, er hvilken fordelingsprofil trygdeytelsene skal ha». Dette er også standpunktet til Kristin Halvorsen, Øystein Djupedal og fleirtalet i sentralstyret. – Ja, det er veldig viktig å ta kampen om fordelinga internt i pensjonssystemet. Men eg er usamd i at dette er det viktigaste punktet no, svarer Lysbakken. No er det striden om nedskjering som er den aller viktigaste, meiner han. Og fryktar at det einsidige fokuset på fordelingsprofilen kan bli ei lagnadstung avsporing. – Eit kompromiss som gjev litt betre fordeling kan bli brukt som brekkstong for å få i gjennom store kutt, uttaler Lysbakken.I Pensjonskommisjonen støtta SVs nestleiar Henriette Wetsthrin alle kuttforslag, men gjekk inn for ein annan fordelingsprofil enn fleirtalet. PrivatiseringLysbakken meiner forslaget frå regjeringa er ei storstilt privatiseringsreform. – Dette handlar ikkje primært om kor store utgifter samfunnet skal ha til pensjon, men kven som skal forvalta pensjonssparinga i framtida, seier han. Svært mange vil erstatta det dei tapar på nedskjeringane med privat sparing og tenestepensjonar forvalta av private forsikringsselskap. – Dette er ei de facto privatisering av delar av pensjonssparinga. I vårt samfunn har finanskapitalen fått ei enorm makt. Venstresida må ikkje bli fødselshjelp for ei reform som styrkar denne makta endå meir, seier stortingsrepresentanten. Lysbakken støttar også mindretalsinstillinga i spørsmålet om besteårsregelen. Den skal ikkje vekk før det finst eit betre alternativ, er standpunktet. Kuttar i sirkelInnstillinga frå Kristin Halvorsen og fleirtalet argumenterer med at det er viktig ved ein pensjonsreform å «sikre at økte utbetalinger ikke undergraver finansieringen av andre viktige velferdsordninger». Lysbakken trur ikkje denne tenkemåten er så veldig klok. – Argumentasjonen har i mange år handla om at vi må kutta i velferdsstaten for å redda velferdsstaten. Erfaringane så langt, ikkje minst frå Storbritannia, viser at det ikkje fungerer slik, meiner han. – Kutta reddar ikkje velferdsstaten. Dei undergrev velferden. Dei fører til auka etterspørsel etter private løysingar. Og deretter til nye kutt. No står striden om landsstyremøtet. Og deretter om landsmøtet i Kristiansand. Lysbakken trur det er fullt mogleg at partileiar Kristin Halvorsen går på eit nederlag i denne saka. – Eg trur standpunkta til mindretalet i sentralstyret kan vinna fram i partiet, seier han. Og insisterer igjen på at SV må ta stilling. – Vi har ingen grunn til å gå utanom. Om vi ventar med å ta stilling i dei store spørsmåla, kan løpet vera køyrt når vi endeleg tar eit standpunkt.@sitat:«Kutta reddar ikkje velferdsstaten. Dei undergrev velferden»Audun Lysbakken, SV @










