Korleis erfarte mellomaldermannen Nidarosdomen, som bygg? Korleis erfarte mellomaldermannen musikk – syngje av eit heilt kor, til musikk av lyre? Og kva skjer når mellomaldermannen blir invitert inn i katedralen, sitt under strålar som ramlar gjennom målte glas, og erfarer songen? Berre empati og innleving kan ta oss dit, til verknaden som Nidarosdomen hadde i samtida si. Små torvhus var det dei hadde sett, innbyggjarar i området, før stein vart lagt på stein, til katedralen – som først var ferdigstilt i romansk tid, bygd vidare på i gotisk tid, og fekk nokre endringar også seinare. Større og større, og stadig meir kompleks.
Tekst, bilete og musikk i "Nidaros" blir som ein katedral for lesaren å gå inn i, skriv Mette Karlsvik.