Torsdag 1. august 2013
Ein skarp sosial observatør
200-årsjubilanten Ivar Aasen arbeidde etter moderne målstyringsprinsipp og døydde som millionær.

Ivar Aasen, han som samla orda og laga grammatikken for nynorsken og som dikta «Mellom bakkar og berg» - fyller måndag 200 år. Men kva meir er kjent om den banebrytande vitskapsmannen?


- Tja, kva veit folk i dag om Welhaven? Ei meiningsmåling for Aasen-tunet viste at 98 prosent veit kven Aasen er, slår Ottar Grepstad fast.


Aasen i tal


Direktøren for Nynorsk kultursentrum har tal for det meste som gjeld Ivar Aasen. Det provar den nye biografien som Grepstad gjev ut denne veka, «Historia om Ivar Aasen» (Samlaget).


Tala fortel at mannen som nådde 161,5 cm over bakken strekte seg lengre enn ytre mål tilsa. Grepstad har rekna ut at ordsamlaren Aasen i snitt var på reisefot kvar tredje dag i 22 år, frå Sørlandet til Troms, midt på 1800-talet. Han reiste 25.302 kilometer. Det er lengre enn Marco Polo, men han var aldri utafor landegrensene.


Han kom også langt intellektuelt og økonomisk. Attpåklatten Iver Andreas Aasen vart fødd på ein bygsla gard i Hovdebygda på Sunnmøre i 1813 og døydde i Kristiania som ein internasjonalt kjent språkforskar 83 år seinare. Han etterlet ei boksamling på 2.800 band - og 2,1 millionar i 2013-kroner.


Mot mytane


- Du skriv at Aasen er mytologisert, av kven og korleis?


- Det er skapt eit bilete av Aasen som ein fattigsleg, einsam stakkar. Påstandane vart alt sette fram i 1869 av den då kjende forfattaren Kristofer Janson, og dei vart nesten ordrett kopierte i den første norske litteraturhistoria i 1896. Seinare har norske skolebøker vidareført biletet til inn på 2000-talet.


Grepstad, som biografar før han, tar til motmæle: I dagboka klaga Aasen støtt over alle som rende ned dørene og ikkje gav han arbeidsro. Samtidige fortel også om ein skarp sosial observatør, som i godt lag slo seg laus med forteljingar og som lo så det knitra. Ved sida av Eilert Sundt hadde få sett så mykje av livet i landet som Aasen.


- Mytane skriv seg frå det siste tiåret. Då var han gamal, og som gamle både før og etter han kjende han seg isolert, særleg når røykjebeina hindra han i å gå ut.


Aasen må ha hatt sosialt talent, meiner Grepstad. Å koma ubeden til folk og be dei fortelja om dialekten si kan ikkje ha verka mindre suspekt på 1840-talet enn i dag.


- Han greidde å skapa tillit. Utover organiserte heimelsfolk som prestar og lærarar, ville han helst snakka med folk på jordet, i arbeid.


«Norsk Ordbog» (1873) har 45.000 oppslagsord. Arbeidet gjorde Aasen aleine, finansiert av Stortinget, som i 1851 gav han det som i røynda var det første statsstipendet.


Fri intellektuell


Som vitskapsmann var Aasen systematisk, planstyrt og målretta. Privat var han samansett. Fagleg sjølvtrygg, sosialt usikker, med kvinner var han ein knøl. Trass god inntekt levde han svært spartansk og bokførte kvart øyre, men ungkaren var ikkje gniten. Det visste tiggarane i Kristiania, som plasserte seg langs den faste spasserruta hans. Grepstad har rekna ut at Aasen eit tiår gav bort 450.000 i 2013-kroner.


Aasen tok standpunkt for allmugen, men intellektuelt treivst han i byen. Han vart ein høgt respektert vitskapsmann, men søkte ingen posisjonar, heller ikkje då han vart bydd eit professorat.


- Aasen var det tyskarane kallar ein fri intellektuell. Mange søkte råd hos han, og han eksisterte som ein tangent til den akademiske sirkelen, men akademia ville ha komme i vegen for arbeidet. Dessutan «rømde» han jo i unge år frå læraryrket.


Alt som 22-årig lærar skreiv Aasen artikkelen «Om vort Skriftsprog», der han hevda at norsk språk ikkje hadde gått tapt med norsk sjølvstende, men var ført vidare i dei norske dialektane. Han meinte at etter 1814, då landet atter hadde sjølvstyre, burde den språklege fridommen følgja med.


På denne tida var det eit gjengs syn at norsk allmugespråk var forvanska dansk og at «dana» talemål (dansk med norsk uttale) var kulturberaren saman med det danske skriftspråket. Ideen om å reisa eit eige norsk skriftspråk nedanfrå, bygd på dei norske dialektane, var revolusjonerande og etter kvart svært kontroversielt.


- Kva politisk rolle såg Aasen for seg at han hadde?


- Han var med i Private Liberale Klub, som vart partiet Venstre. Rettferd var viktig for han. Han var radikal for si tid, sosialt og politisk på allmugen si side, men han prioriterte kanskje vekk allmennpolitikken.


I språkstriden var Aasen aktiv på 1850-talet, sidan drog han seg unna, men han skreiv kva han meinte, ikkje minst i fortalen til «Norsk Grammatik» (1864), Aasens viktigaste sakprosatekst.


- Han var kanskje litt konfliktsky. Også var det dette med å få tida til å strekka til.


Aasen viste ei politisk side i satire. I Vinjes blad, Dølen, harselerte han med jåleri under pseudonym som Ohle Ohlzén Scharfvebagchen. Meir brodd var det i «Ettersleng til 17de Mai», om 50-årsjubileet for Grunnlova: Her undra han seg over dei fagre ord om fridommen: «Kor gjeng det til at me allesaman vilja so gjerna vera Nordmenner, men ingen av oss torer tala elder kveda i Nordmanns Maal?»


Nasjonalromantikken


Ein påstand som støtt kjem att, er at nynorsken var eit nasjonalromantisk påfunn, som det heftar noko politisk lummert ved.


- Var nasjonalromantikken viktig for nynorsken?


- Definitivt ikkje. Aasen var framand for diktinga til Wergeland og Welhaven, og då Bjørnson gav ut sagaskodespelet «Halte-Hulda», kalla Aasen det «Haltulla».


Ifølgje Grepstad var Aasen driven av folkedaningsideala frå opplysingstida: Fornuft og kritisk tenking.


- Det einaste nasjonalromantiske omgrepet han nytta var «folk», men «folk» vart vanleg for «allmuge» på 1800-talet. Likevel har historikarar og litteraturvitarar klistra nasjonalromantikken på Aasen - til trass for at diktinga til Aasen er nøktern skildring av arbeid og kvardag utan krusedullar.

Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.31
Onsdag 17. oktober 2018
To småforlag føler seg ført bak lyset av Kulturrådets innkjøpsordning. – Det føles som om de har rappa bøkene våre, sier forlegger Andreas Høy Knudsen.
Tirsdag 16. oktober 2018
To av tre menn er bekymret for feilaktige anklager om seksuell trakassering etter metoo.
Mandag 15. oktober 2018
Jo Strømgren Kompani styrer mot nedleggelse, og Verdensteatret kan måtte avlyse verdensturné. Snart vil Kulturrådet besegle skjebnen til to av landets fremste kompanier.
Lørdag 13. oktober 2018
Hver tredje unge mann er blitt mer forsiktig med hva han sier og gjør etter metoo, viser ny undersøkelse.
Fredag 12. oktober 2018
Frp-velgere flest er skeptiske til metoo-kampanjen, viser en ny meningsmåling. – Sunt, mener Silje Hjemdal, likestillingspolitisk talsperson i partiet.
Torsdag 11. oktober 2018
Regjeringens forslag om et lavterskeltilbud for saker om seksuell trakassering får stor oppslutning. Men arbeidsgivere frykter for de anklagedes rettssikkerhet.
Onsdag 10. oktober 2018
Mens regjeringen åpner lommeboka for nye museumsbygg, blir drifts­budsjettene kuttet for femte år på rad. Flere kulturbygg må stenge dørene.
Tirsdag 9. oktober 2018
Etter fem år med blåblå kulturpolitikk vil opposisjonen på Stortinget stanse regjeringens forsøk på å dreie kunst- og kultur­livet i en mer markedsliberal retning.
Mandag 8. oktober 2018
Gaveforsterkningsordningen blir videre­ført til neste år, selv om sterke aktører i kulturlivet mener den bør skrotes.
Lørdag 6. oktober 2018
Bøkene til blogger Annijor og «Ex on the beach»-Henrik tydeliggjør behovet for et etisk regelverk for sakprosa, hevder advokat. – Det er viktigere å utfordre grenser enn å vedlikeholde dem, mener Forlegger­foreningen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk