Dagens Leder
* Heile Norge gler seg over at Marte Dalelv vart benåda i Dubai måndag og at ho i går fekk utreisevisum. Mange har vorte opprørt over at ei kvinne som melder valdtekt til politiet sjølv blir tiltalt. Det bryt mot prinsippa i rettssamfunnet og menneskerettane når offeret blir dømt til fengselsstraff. Måndag bestemte emiren i Dubai, som også er statsminister i Dei sameinte arabiske emiratane, at den norske kvinna skulle settast fri. Det skjedde etter sterkt påtrykk frå norske styresmakter og etter at skjebnen til Dalelv vekte stort oppstyr internasjonale media. Etter alt å dømme var det frykt for at saka kunne skade økonomien og den viktige turistnæringa i Dubai som førte til avgjerda til emiren.