Dagens Leder
* Mangemilliardæren John Fredriksen er i ferd med å sluke oppdrettsgiganten Cermaq, der den norske staten er største eigar, med 44 prosent av aksjane. For ein månad sidan varsla Marine Harvest, som Fredriksen er storeigar i, at selskapet vil legge inn bod på konkurrenten Cermaq, og kjøpe selskapet dels med kontantar og aksjar. Cermaq vart oppretta av Statens kornforretning i 1995, og er i dag ein internasjonal oppdrettsgigant, som hovudsakleg driv oppdrett av laks og aure, fôrproduksjon og forsking. Kvar tredje oppdrettsfisk i verda får fôr frå Cermaq.