Dagens leder
* Gisseldramaet i Algerie er eit mareritt for dei som er direkte råka og familiane deira, men også for styresmaktene i fleire land og Statoil, BP og det algeriske olje- og gasselskapet Sonatrach. Mykje er framleis uklart om målet for gisselaksjonen, som etter alt å dømme har vore leia av den berykta Mokhtar Belmokhtar. Han har bakgrunn frå gruppa AQIM, utbrytarar frå al-Qaida. Skiljet er ikkje alltid klart mellom politisk islamisme og kriminalitet der Belmokhtar opererer. Det er sannsynleg at aksjonen har samanheng med den franske intervensjonen i Mali og Algeries indirekte støtte ved å tillate franske overflygingar, men den er ikkje retta direkte mot franske mål.