Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 19. juni, 2013
Kultur & medier
Fredag 11. januar, 2013
Tajik droppar føringar
ENDRAR: Kulturministaren får ros frå Scene-Noreg etter å ha dempa føringane knytt til statlege jubileum. - Hadia Tajik har teke seg bryet med å setja seg inn i problemstillinga, meiner Morten Gjelten i Norsk Teater- og orkesterforening. Foto: Anniken C. Mohr

Tajik droppar føringar

Fredag 11. januar, 2013

FAKTA

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Det kom sterke protestar då kulturministeren i fjor la føringer på teater og andre institusjonar. No mjukar Hadia Tajik opp krava.

- Dette er ei openbar endring.

Det seier Tom Remlov, direktør for Den Norske Opera & Ballett, etter å ha lese årets tildelingsbrev til norske kulturinstitusjonar frå Kulturdepartementet.

Det var desse breva som i fjor sparka i gang ein oppheita diskusjon om statleg innblanding og fri kunstnarisk verksemd. Dåverande kulturminister Anniken Huitfeldts «forventingar» om at statlege kulturverksemder skulle leggja opp programmet for grunnlovsjubileet i 2014 vart opptakten til ein prinsipiell debatt om armlengdesprinsiippet og institusjonane sin sjølvråderett, kor departementet måtte tåla dels sterk kritikk.

No kan det sjå ut som vinden har snudd. I årets tildelingsbrev, kor budsjettrammer, resultatmål og rapporteringskrav for det komande året vert lagt fram, er krava til kulturlivets deltaking i grunnlovsjubileet monaleg nedtona. Aktørar Klassekampen har vore i kontakt med tek dette som eit teikn på at Kulturdepartementet har teke kritikken på alvor.

- Eg opplever, slik eg les årets brev, at Kulturdepartementet har lytta til dei innvendingane som kom i fjor, seier Morten Gjelten, direktør for Norsk Teater- og orkesterforening, til Klassekampen.

Den konkrete endringa kjem i form av at «forventingane» til ei markering no ei erstatta med ein invititasjon om å melda inn eventuelle planar for Grunnlovsjubileet.

Vil ikkje gjenta kritikken

Gjelten var blant dei sterkaste kritikarane av statens innblanding i sceneinstitusjonanes kunstnariske planar då debatten rasa i fjor sommar. Utifrå dei tildelingsbreva han til no har les, ser han inga grunn til å gjenta kritikken.

- Det var programmering me diskuterte i fjor, der me følte at det vart gått over ei linje. Det at det rådde ei kjensle av at Kulturdepartementet blanda seg inn i programmeringa hjå dei ulike institusjonane, gjorde at me valde å strekka opp handa, seier han.

Denne problematikken ser ein ikkje i år, meiner Gjelten. Han trur fjorårets debatt var ein fruktbar veg å gå i retning ein meir medviten haldning til prinsippet om armlengdes avstand.

- Definisjonen av armlengdes avstad har heile tida vore oppe til diskusjon mellom dei partane som er involvert, så det er naturleg at slike debattar kjem opp med jamne mellomrom. Eg trur sikkert fjorårets debatt gjorde at både kulturlivet og politikarar vart meir medvitne på kva dei meinte om denne saka.

Han opplever òg at kulturminister Hadia Tajik har vore på ballen i spørsmålet.

- For meg verkar det svært tydeleg at den sitjande statsråden har teke seg bryet med å tenkja over kva som er departementets meining. Det har vore ein nytting diskusjon for alle partar, seier han.

- Openbar endring

Også operadirektr Tom Remlov er svært nøgd med ordlyden i årets tildelingsbrev, etter å ha vore sterkt kritisk til fjorårets formulering.

- Eg tykkjer årets tekst er aldeles utmerka. Dei har tatt ut den setninga eg hadde min klare innvending mot, nemleg at det var forventa at kulturinstitusjonane skulle leggje sine planar opp mot jubileet. Dei konstaterer no ganske enkelt at kulturlivet vil spela ei rolle, og ber om at ein melder inn eventuelle planar. Og det er sjølvsagt heilt greitt, seier Remlov til Klassekampen.

- Opplever du at dette kjem som ein konsekvens av fjorårets kritikk?

- Eg må innrømma at det er vanskeleg å ikkje tru noko anna. Med ei så klar endring er det årsak til å tru at dei har sagt seg einig i at det var formuleringar i fjorårets brev som ikkje var heldige.

At det offentlege medvitet kring denne problemstillinga har vorte større i etterkant av debatten, er Remlov likevel usikker på.

- Eg tykte debatten ifjor utarta seg i ein nokså underleg retning, då det etter kvart var fleire som uttalte at dei ikkje tykte det var problematisk å bli pålagt slike føringar frå staten. Så det er all grunn til å framleis vera årvåken, og føra ein open dialog om staten som eigar og finansiør og dei einskilde institusjonane, meiner han.

- Klossete formulert

- Politikarar bør sjølvsagt ha meiningar om kva resultata av politikken dei fører skal vera. Men når det gjeld kunstnerisk arbeid, må dei vera opne for å verta møtt med kritikk og innspel. Her føler eg me framleis ikkje har ein vaksen nok offentleg samtale.

Professor Per Mangset ved Institutt for kultur- og humanistiske fag ved Høgskulen i Telemark har forska mykje på kulturpolitikk, og haldt under Kulturrådets årskonferanse for 2012 foredrag om prinsipet om armlengdes avstand. Han ser den nye formuleringa som eit svar på debatten som oppsto i fjor.

- Kulturdepartemetet har uttalt seg litt klossete i denne saka. Dette er nok eit forsøk på å formulera noko litt mindre dirigerande. Det viser at usemja mellom partane eigentleg ikkje er så stor, seier Mangset til Klassekampen.

Klassekampen har vore i kontakt med Kulturdepartementet, som ikkje hadde moglegheit til å kommentera saken på skrivande tidspunkt.

Innenriks
Onsdag 19. juni, 2013
De Grønne inn på tinget

De Grønne inn på tinget

inviterer: Skillet i norsk politikk går ikke mellom rødt og blått, men grønt og grått, mener De Grønne. Nå inviterer partiet SV, Sp, Venstre og KrF til en miljøallianse.
Utenriks
Onsdag 19. juni, 2013
Brasils gater fylles igjen

Brasils gater fylles igjen

NYE TIDER: Etter et tiår på vei mot himmelen opplever Latin-Amerikas økonomiske lokomotiv motortrøbbel. Over 200.000 mennesker viste sin misnøye mandag.
Kultur & medier
Onsdag 19. juni, 2013
- Kultur må være gratis

- Kultur må være gratis

Norske litteraturfestivaler er stort sett endimensjonale lanseringskanaler, der publikum gjøres til kunder, mener Frode Saugestad. Han inviterer derfor til gratisfestival i høst.
Dagens leder
Onsdag 19. juni, 2013
Bjørgulv Braanen
Forvaltning

Forvaltning

Dagens leder
Powered by eonBIT