Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei alternativ framtid

Den politiske venstresida må skaffe seg ein Europa-politikk som går lenger enn til parolane frå fortida, skriv Edvard Hoem.

For meir enn atten år sidan, natta til den 29. november 1994, gjekk eg fram og tilbake på golvet i Oslo Spektrum og mellom jublande EU-motstandarar, som vart meir og meir sikre på at sigeren var i hus. Rett som det var, kom det journalistar som ville ha kommentarar av ein partilaus norsk forfattar, men eg var fast bestemt på at eg ikkje skulle seia noko som helst før nei-resultatet var eit udiskutabelt faktum. Kampen hadde kosta meg for mykje til at eg kunne tillata meg å blande håp og realitetar. Dei to siste åra før avrøystinga hadde eg halde meir enn 250 foredrag mot norsk medlemskap i Den europeiske unionen. Eg hadde stått ansikt til ansikt med mellom femti og hundre tusen menneske i forsamlingshus og på utescenar frå Finnmark til Lindesnes, og det ville ha vore eit hardt slag for meg om det hadde vore fåfengt innsats.