Fredag 7. september 2012
Dei unges springbrett
Den ein gong så suverene maktinstitusjonen har endra sin posisjon, men er framleis ein magnet på kunstnarar og publikum. I morgon opnar den 125. Høstutstillingen.

- Elska, hata - og elska igjen.


Det sprakar i mikrofonen til utstillingsleiar Ingrid Lystad, idet ho er i ferd med å presentera den 125. norske Høstutstillingen.Rekordmange kunstnarar har i år søkt seg til Høstutstillingen, fortel ho. Av dei meir enn 2400 påmelde står ein brøkdel no att. Laurdag opnar den for publikum.


Mange vil gje Lystad rett i hennar ord: Høstutstillingen hentar fram blanda kjensler. Så har den også gått gjennom ein del endringar i løpet av dei mange åra den har vorte arrangert - ikkje minst når det gjeld kva den har å sei for dei som deltek. Som kunstsosiolog Dag Solhjells vél å sei det:


- Tidlegare auka det å stilla ut på Høstutstillingen sjansen for sal. No aukar den sjansen for å få stipend.


- Stort skritt


Spol 130 år tilbake i tid - til 14. november 1882, dagen då den aller fyrste haustutstillinga opna i Christiania. Kunstnarar som Christian Krohg, Frits Thaulow og Erik Werenskiold hadde returnert frå Paris, fulle av inspirasjon frå det franske kunstlivet. Den berykta Parisersalongen fekk bli modell for dei norske kunstnaranes innsats for å føra makta i kunstlivet tilbake til utøvarane.


- På den tida var det få kunstkunnige som sat i leiinga og styrte norsk kunstpolitikk, seier Dag Solhjell til Klassekampen.


To år seinare fekk Høstutstillingen statleg støtte under namnet Statens kunstutstilling. Og med unntak av krigsåra 1941 til 1945 har den vorte arrangert sidan.


Ulike kår


- Kvifor Høstutstillingen har overlevd så lenge, medan den klassiske Parisersalongen har gått ut på dato, er eit interessant spørsmål, seier Stefan Schröder.


Som årets leiar av Den nasjonale jury, har han hatt ein viktig del av ansvaret for å velja ut verka som skal visast fram på Kunstnernes Hus.


Schröder trur noko av svaret er samarbeidet med Kunstnernes Hus, bygget som opna i 1930, nettopp med tanke på Høstutstillingen. Han meiner verdien av dagens utstilling ligg i den store merksemda den får, både i pressa og blant publikum.


- Men dagens norske kunstnarar har svært ulike kår. Nokre stiller ut mykje på den internasjonale arenaen, og då vert det sikkert mindre relevant for noko av dei å gå gjennom ein lang søknadsprosess for å sleppa inn i ein stor og delvis uoversiktleg gruppeutstilling.


Inngangsporten


Å få etablerte kunstnarar til å stilla på Høstutstillingen, var langt frå ei utfordring i utstillingas fyrste nesten hundre år.


- Deltaking på Høstutstillingen var sjølve målestokken for kunstnarisk kvalitet i Noreg. Utan deltaking vart du ikkje rekna som kunstnar. Å stilla ut her vart såleis svært ettertrakta, for konsekvensane av ikkje å delta var så store, og gjengjelda så rik, seier kunstsosiolog Dag Solhjell.


Heilt fram til 1970-talet var Høstutstillingen tufta på eit system som sikra dei involverte ein suveren maktposisjon i kunstlivet: Berre dei som tidlegare hadde stilt ut fyrst tre, så fem gongar var sikra medlemskap og stemmerett i arrangørorganisasjonen Bildende Kunstneres Styre.


- Denne statleg godkjende strukturen gav kunstnarane tilgjenge til å sitja i styrer, i innkjøpskomitear og til å dela ut stipend. Men dette forsvann gradvis utover 1970-talet. Då kom det sterk kritikk av det elitære ved Høstutstillingen, det lukka systemet og sentraliseringa av makt, seier Solhjell.


Han ser på Høstutstillingen i dag som fyrst og fremst viktig for dei meir uerfarne kunstnarane.


- Høstutstillingen har vorte eit viktig skritt for debutantar, men det gjev inga ekstra påskjønning å delta fleire gongar. Verdien for kunstnarar har sokke, medan det er for dei heilt unge den har vorte viktig.


Juryformann Stefan Schröder er einig i at Høstutstillingen i ein del år fyrst og fremst har vore ein arena for unge, uetablerte kunstnarar. Han er likevel nøgd med å kunne registrera at det i år kom fleire søkjarar frå den etablerte kunstscena.


- Det er eit poeng både for publikum og kunstnarane som stiller ut å sjå god kvalitet. For kunstnarar er det å sjå seg sjølv i same rom som kunstnarar som har stilt ut før, og som er anerkjende, noko som betyr noko.


Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.49
Onsdag 29. mars 2017
Det norske kunstmarkedet er i vekst, og ingen vokser hurtigere enn galleriet Fineart. – Du skal kunne komme inn her uten å ha peiling på kunst, sier daglig leder Rolf Stavnem.
Tirsdag 28. mars 2017
Arbeiderpartiet sikrer flertall for forslaget til avtale om kommersiell allmennkringkasting. – Men støttebeløpet kan og bør økes, sier Arild Grande (Ap).
Mandag 27. mars 2017
Forfatterforeningen gjør seg klare til et eventuelt regjeringsskifte til høsten og vil ha bokloven høyt oppe på sakslista etter valget. I helga inviterte de politikerne til årsmøte.
Lørdag 25. mars 2017
Vi ser oftere ansiktene til NRKs korrespondenter på Dagsrevyen enn vi ser reportasjer fra området de dekker. – Det er ­nesten blitt en sykdom, mener kritiker.
Fredag 24. mars 2017
Cappelen Damms erotiske håp, bok­serien «Calendar Girl», har bare solgt en brøkdel av den fire år eldre «Fifty Shades of Grey». Også forlaget Tiden prøvde seg på erotikk i fjor, med lite hell.
Torsdag 23. mars 2017
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ønsker at humanistiske forskere i større grad enn tidligere skal tenke gjennom fagenes nytte. Han møter motbør fra filosof Arne Johan Vetlesen.
Onsdag 22. mars 2017
Sverige har Europas høyeste kvinneandel på film – takket være streng politikk. Arbeiderpartiet varsler tøffere krav til filmbransjen hvis de kommer til makta.
Tirsdag 21. mars 2017
– Avisa Dagbladet er på mange måter i ferd med å bli en abonnementsavis, sier sjef­redaktør John Arne Markussen. Veksten i digital brukerbetaling åpner for at avisa kan kvalifisere for presse­støtte i år.
Mandag 20. mars 2017
Striden mellom NRK og Norsk filmforbund fører til at publikum ikke får se populære serier på nett-tv. I dag starter filmarbeidernes boikott av statskanalen.
Lørdag 18. mars 2017
Logistikkselskapet Kvikkas sørger for at 775 arbeidsplasser i konkursrammede Norpost blir reddet. Bak oppkjøpet står Kvikkas’ kapitalsterke eiere, ­investeringsselskapet Novela.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk