Dagens leder
* Senterpartiet og Norges Bondelag har vore i uvanleg hard strid sidan samanbrotet i jordbruksforhandlingane i mai. I dag er Sp med på å vedta statens tilbod i Stortinget, mot forbitra protestar frå ein organisasjon som tradisjonelt står Sp like nær som LO står Arbeidarpartiet. Sps landbruksminister Lars Peder Brekk møtte viktige delar av veljarkorpset då han gjesta Bondelagets årsmøte på Lillehammer i går. Trass i striden har Brekk og bondelagsutsendingane mykje til felles - mellom anna at dei står i ein kritisk situasjon.