Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Miljøkamp

Dagens leder

* Jubilea står i kø for dei som er opptatt av miljøpolitikk denne våren. Det er 20 år sidan Rio-møtet vedtok FNs første klimakonvensjon. I april var det 25 år sidan Gro Harlem Brundtland la fram FN-rapporten «Vår felles framtid», som for første gong sette klimaproblema på den internasjonale politiske dagsorden. Og i går var det 40 år sidan det norske Miljøverndepartementet vart oppretta, som det første av sitt slag i verda. 40 år med eigen miljøvernminister har gitt resultat. Miljøpolitikken har vorte langt viktigare i norsk politikk, sjølv om det har vore eit sterkt svingande engasjement blant politikarar og veljarar. Det er heller ingen tvil om at departementet har bidratt til å sikre naturmangfald og verne urørt natur i Norge. Når det kjem til klimapolitikken, er derimot ikkje alt gull og grøne skogar.