Lørdag 3. mars 2012
Krigar i privat teneste
OVERGANG: Private­ sikkerheitsselskap leiger ut heimevernssoldatar og politimenn som væpna vakter på norske skip. Politiet planlegg sanksjonar, medan Heime­vernet ikkje greier å stoppe tilstrøyminga.

Marknaden for private sikkerheitsselskap har fått ein kraftig oppsving her til lands etter at regjeringa i fjor gav norske skip lov til å ha væpna vakter om bord.
Eit privat selskap tilset no reservesoldatar og politimenn i permisjon til slike oppdrag.
Selskapet Polar Arctic Security i Fredrikstad reklamerer på nettsidene sine med at dei er eigde og leia av «tidlegare politimenn og militære offiserar i aktiv teneste» (omsett frå engelsk av Klassekampen).
Dagleg leiar Steinar Inselseth var for ein månad sidan skiftleiar og førstebetjent i Sandefjord-politiet. Han fekk eit halvt års permisjon for å jobbe i selskapet.
– Vi får førespurnader frå folk som er reserve i militæret, til dømes i Heimevernet, altså folk som er inne til teneste i ein kortare periode. Vi knyter ikkje til oss folk som er fast tilsette i Forsvaret. Det same gjeld politimenn: Skal dei vere operative hos oss, må dei enten vere pensjonerte eller i permisjon, seier Inselseth til Klassekampen.
Heimevernet makteslaus
Leiinga i Heimevernet er lite blide for at personar dei gjev våpentrening skal gå inn som private, væpna vakter i utanlandske farvatn. Men dei greier ikkje stoppe det.
– Det er eit dilemma for oss. Vi er jo ikkje arbeidsgjevar for tilkallingsmannskap, anna enn dei fem-seks dagane dei er inne i året. Vi kan ikkje styre resten av kvardagen deira, seier kommunikasjonssjef Nils Arne Skaret i Heimevernsstaben.
Han fortel at dette vart teke opp på møte med generalinspektøren, alle områdesjefane og distriktssjefen for Oslofjord Heimevernsdistrikt (HV-01) før jul.
– Vi kom fram til at vi ikkje ønskjer ein slik kontakt frå nokon av våre mannskap. Vi ønskjer ikkje samanblanding av roller, og har åtvara våre folk på generelt grunnlag å blande korta, seier Skaret.
– Er det ingenting Heimevernet kan gjere?
– Vi kan velje å ikkje ta inn nye soldatar som kjem frå den bransjen. Ein kar som er utdanna i Forsvaret kan jo fint ta seg jobb i eit privat sikkerheitsselskap. Men ønskjer vi å kalle han inn til Heimevernet? spør Skaret.
Politidirektoratet strekar under «den nødvendige respekt og tillit som er forbundet med å inneha stilling i politiet». Politimenn i aktiv teneste kan ikkje ta på seg væpna vaktoppdrag, men det kan politimenn i permisjon.
Set foten ned
Formelle sanksjonar er likevel aktuelle:
– Politimeisteren vil kunne nekte permisjon dersom formålet med permisjonen er å ta del i den type verksemd det her er tale om, seier Christian Butsberg Pettersen, direktør for juridisk avdeling i Politidirektoratet.
– Direktoratet vil vurdere om det er behov for å tydeleggjere dette overfor politidistrikta, avsluttar Pettersen.
Dagleg leiar Steinar Inselseth i Polar Security International er tydeleg på at selskapet gjer alt dei kan for å unngå rolleblanding.
– Vi gjer det klart for alle interesserte at dei må avklare forholdet til andre arbeidsgjevarar og overordna. Vi går heller ikkje ut med møte, oppslag eller anna aktiv rekruttering. Dei som vurderer tilsetjing kjem til oss, vi går ikkje til dei, seier Inselseth.
johanb@klassekampen.no


Artikkelen er oppdatert: 4. mars 2012 kl. 16.44
Torsdag 19. januar 2017
SKUDDHOLD: Fremskrittspartiet vil fremme forslag i Stortinget som kan føre til lisensjakt på ulv før snøen forsvinner. Det kan gi flertall mot miljøminister Vidar Helgesen.
Onsdag 18. januar 2017
STEILE FRONTER: Tida renner ut for å gjennomføre jakt i ulvesonen denne vinteren. Miljøminister Vidar Helgesens redegjørelse får tverrpolitisk slakt på hedmarksbenken.
Tirsdag 17. januar 2017
STATSBANE: Hongkong, eit kanadisk pensjonsfond og svenskane snuser på norsk jernbane. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er klar på at norske skattebetalarar sine pengar kan enda i ­statskassa til andre land.
Mandag 16. januar 2017
BYGGJEKLAR: Programkomiteen i Høgre går inn for meir kraftutbygging. – Dette er vi ikkje glade for å høyre, svarer Naturvernforbundet.
Lørdag 14. januar 2017
ANMELDT: Stig Erik Sørheim i Actis ble anmeldt for smugling av narkotika etter at noen bestilte hasj på nettet i hans navn. Actis er sikre på at motstandere i narkotikadebatten står bak.
Fredag 13. januar 2017
KUTT: I dag presenterer politi­direktøren sin liste over lensmannskontor som skal legges ned. Omtrent 130 tjenestesteder forsvinner fra kartet.
Torsdag 12. januar 2017
SVAR: Den russiske ambassaden i Oslo reagerer skarpt på nyheten om mulig norsk deltakelse i Natos rakettskjold. Ambassaden setter saken i sammenheng med økt spenning i Arktis.
Onsdag 11. januar 2017
LETER: Den narkotikaliberale organisasjonen Normal har laget en lukket database med dokumenter om sine motstandere i narkotikadebatten. Det kan være ulovlig, mener Datatilsynet.
Tirsdag 10. januar 2017
RAKETTFORSVAR: Ap er skeptiske til at Norge skal med i missilforsvaret. SV sier klart nei.
Mandag 9. januar 2017
KONFLIKT: Nupi-forsker Julie ­Wilhelmsen mener norsk deltakelse i Natos rakettskjold vil forverre en ­konflikt med Russland som allerede er «skremmende heftig».

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk