Posten

Onsdag 22. februar, 2012
- Posten har gjennom mange år gjennomført beinhard rasjonalisering og nedbemanning. Omstillingane har vore brutale for dei tilsette. Sjukefråveret har på det verste vore skyhøgt, men har gått ned dei siste åra. Frå utgangen av 2008 til utgangen av 2011 vart talet på tilsette redusert med meir enn 6000, frå 25.851 til 19.621, viste konsersjef Dag Mejdells resultatpresentasjon i går. Og dette skal ifølgje konsernleiinga halde fram med same styrke, sjølv om Posten går så det suser. Driftsresultatet i 2011 var over ein milliard kroner, det beste resultatet på fem år.
- "Posten skal ikkje gå med overskott. Posten skal gå med posten". Slik lyder eit framifrå munnhell, sjølv om ein ikkje skal ta det heilt bokstaveleg. Poenget er at eit offentleg kontrollert postvesen er og vil vera ein grunnleggjande del av infrastrukturen i eit samfunn som ikkje gjev seg vilkårslaust over til marknadskreftene. I eit tynt folkesett land som Norge er like posttenester avgjerande for å halde oppe ei spreidd busetjing. Derfor er Posten styrt av konsesjonsvilkår, som blir fastsett av regjeringa gjennom Samferdselsdepartementet. Det er venta ei stortingsmelding om Posten i vår, og bodskapet frå konsernsjef Mejdell er at det ikkje er råd å rasjonalisere meir innafor rammevilkåra som gjeld. Derfor vil han mjuke opp bankplikta, ekspedisjonsnettet og laurdagsomdelinga. Det vil bety langt færre postkontor, meir Post i Butikk og reduserte tenester laurdag. Konsernleiinga vil gå inn for å kutte brevomdeling laurdag, men ser ut til å innsjå at ein må halde oppe avisdistribusjonen. Posten har 20 prosent av avisdistribusjonen, først og fremst ute i distrikta.
- Kampen om posten har stor politisk sprengkraft. Spør Jens Stoltenberg, som gjekk på ein mine då Ap-landsmøtet vedtok å bruke reservasjonsretten mot EUs postdirektiv i fjor, for å oppretthalde nasjonal kontroll over posttenestene. Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa bør møte Postens framstøyt for endra rammevilkår med sunn skepsis, og sjå til at etaten vil halde oppe det grunnleggjande tenestetilbodet for alle delar av landet.










