Tappekrana

Mandag 20. februar, 2012
- Konsernsjef Stein Ole Larsen og visekonsernsjef Lise Vedde-Fjærestad i finanshuset Terra-Gruppen gjekk fredag av på dagen. Grunnen er at selskapet har tapt store pengar år etter år og at Finanstilsynet nyleg retta knallhard kritikk mot selskapet i ein hemmeleg rapport. Det siste svir litt ekstra når ein veit at Terra-gruppa for fem år sidan fekk åtte kommunar til å gamble bort kraftinntektene sine på ulovlege investeringar. Fleire av Terra-kommunane hamna under statleg administrasjon og framleis kranglar dei om kven som skal betale restgjelda på 1,1 milliardar. Jau, ordførarane var grådige, men det visste Terra å utnytte.
- Kommune-fadesen tvang underselskapet Terra Securities til konkurs. Konsernet legg no ned Terra Markets, etter at selskapet har tapt 115 millionar kroner dei siste tre åra. Samstundes henta konserntoppane Larsen og Vedde-Fjæringstad ut 39 millionar kroner i løn og bonus, inklusive etterløna dei no kan gle seg over i eitt år. «Det er leit at jeg må ta konsekvensen på en slik måte som dette», seier Larsen til næringslivsavisa E24. Ein kan spørje seg om kva som eigentleg er leit her i verda. Er det like leit at 30 menneske no mistar jobben i Terra Markets? Eller at folk i Terra-kommunane måtte aksle kraftige kutt i velferdstilbodet? Enno veit vi ikkje kven som har tapt pengar på Terra-krumspringa som Finanstilsynet no kritiserer, men dei har det neppe greitt dei heller.
- Amerikansk forretningslitteratur er fulle av analyser av toppleiarar som tappar selskapa (og kundane) sine for pengar. For ti år sidan granska økonomane Lazonick og O’Sullivan overgangen frå «retain and reinvest»-strategien, (bruk overskottet til nyinvestering) til «down-size and distribute» (spark folk og del ut gevinsten til aksjonærane). Under sistnemnde regime premierer eigarane dei leiarane som maksimerer aksjeverdien. Då må leiarane gjerne ta enorm risiko, så lenge kvartalsrapporten syner gode tal. «Det er et konkurransesamfunn», seier Larsen, og meiner løna hans må vere på nivå med andre selskap. Spørsmålet er om det er denne typen konkurranse samfunnet vil ha.










