Dramatisk

Onsdag 15. februar, 2012
- Kløyvinga i regjeringa om EUs vikarbyrådirektiv er dramatisk, sjølv om ingenting tyder på at leiinga i Arbeidarpartiet vil vike og avvise direktivet. Tonen har vore uvanleg amper mellom stortingsgruppene i SV og Ap, ikkje minst her i avisa, og måndag slutta Senterpartiet seg til kravet om å bruke vetoretten mot direktivet. SVs Karin Andersen hevdar at arbeidsminister Hanne Bjurstrøms departement held tilbake viktig informasjon i striden om direktivet, og Sp-leiar Liv Signe Navarsete stoler ikkje på Bjurstrøms garantiar for at direktivet ikkje vil føre til svekking av arbeidsmiljølova. Dette er uvanleg hard kost. Nei-partia har fått mot i brystet av at dei i sak har ei samla fagrørsle i ryggen - sjølv om LO-leiar Roar Flåthen nok set lite pris på hardkøyret mot Ap. Uroa over direktivet spreier seg også på grasrota i Ap.
- Medan SV er klar til å ta dissens og Sp set alt inn på å få Ap til å snu, seier Aps nestleiar Helga Pedersen til Nationen at ho trass alt trur det blir semje når direktivet kjem opp i regjeringa. Semje kan det bli dersom Ap bøyer seg for presset frå fagrørsla, regjeringspartnarane og delar av sitt eige grunnplan - den sterkaste koalisjonen som har utfordra Stoltenberg-kretsen sidan dei raudgrøne kom til makta i 2005. Men dette er lite sannsynleg. Stortingsgruppa bestemte seg før debatten var i gang, og Helga Pedersen, Hanne Bjurstrøm og andre tungvektarar har lagt all sin prestisje i å framstille vikarbyrådirektivet som ein siger for arbeidstakarinteressene. Då blir det «semje» på Ap-måten: Kjøttvekta avgjer.
- LOs støtte til regjeringas mindretal har skremt opp leiarskribentane, som på rad og rekkje maner Ap-leiinga til å stå imot presset. Det er ikkje innhaldet i vikarbyrådirektivet som veg tyngst, men den nedarva frykten for å utfordre EU og EØS-avtalen. «I praksis finnes det ingen vetorett», erklærer Dagsavisen, følgd opp av sjefredaktør Arne Strand på kommentarplass. Hans gamle sjef Gro Harlem Brundtland sa det stikk motsette då ho kjempa for å få EØS-avtalen gjennom i Stortinget i 1992. Men det er jo så lenge sidan.










