Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525

Evensmo

Evensmo

Tirsdag 14. februar, 2012

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • I dag er det 100 år sidan Sigurd Evensmo vart født, som son av stasjonsmeisteren i jernbanebyen Hamar. Det er eit jubileum det er grunn til å markere, noko hans forlag Gyldendal gjer med eit allsidig seminar i ettermiddag. Evensmo var som journalist, redaktør og forfattar ein kjempande intellektuell, ein rakrygga anti-fascist og sosialist, som prega venstresida i si samtid og sette spor etter seg.
  • Sigurd Evensmo var ung journalist i arbeidarpressa då fascismen sigra i Spania og Nazi-Tyskland styrte mot en ny verdskrig. Røynslene frå denne tida prega han resten av livet. Han sette nesten livet til i den norske motstandskampen, og slo gjennom med sin dramatiske debutroman «Englandsfarere» i 1945. Seinare kom trilogien «Grenseland», «Flaggermusene» og «Hjemover», som ruvar i etterkrigslitteraturen med si skildring av mellomkrigs- og okkupasjonstida. Evensen braut med Arbeidarpartiet då Ap-landsmøtet i 1949 gjekk inn for å melde Norge inn i Nato. Han vart gjennom den kalde krigen den fremste norske forkjemparen for «det tredje standpunkt» mellom stormaktsblokkene.
  • Då avisa Orientering vart stifta av opposisjonelle i og utbrytarar frå Ap i 1953, vart Sigurd Evensmo den første redaktøren. Ved sidan av Finn Gustavsen var Evensmo den viktigaste personen i avisas historie. Birgitte Kjos Fonn gjev i boka «Rebellenes avis» om Orienterings historie ei livfull skildring av det bitre gravølet som Evensmo, Gustavsen og andre arrangerte då SV i 1975 hadde bestemt at Orientering skulle gå inn til fordel for det nye partiorganet Ny Tid. Dette skjedde tre år før Evensmo døydde, 66 år gamal. Evensmo gjekk inn i Sosialistisk Folkeparti etter skipinga i 1961, men var for sin del ingen partipolitikar. Han vil først og fremst bli hugsa som den slagferdige skribenten og samfunnsrefsaren. Då Bokklubben Nye Bøker vart lansert i 1976, var hovudboka Sigurd Evensmos første erindringsbok, «Inn i din tid». Det seier noko om posisjonen han hadde, ikkje berre på venstresida, men hos eit breitt publikum.
Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT