Venner?

Tirsdag 31. januar, 2012
- Sist veke underteikna norske og etiopiske styresmakter avtale om retur av etiopiske borgarar som får avslag på asylsøknader i Norge. Dette er ei stor gruppe, og somme har vore her i landet utan legalt opphald i mange år. Reaksjonane er sterke, ikkje berre blant dei dette gjeld, men også blant ekspertane på menneskerettsforhold i Etiopia. Blant desse er professor Kjetil Tronvoll, som seier til Klassekampen at norsk kritikk av menneskerettsbrot i Etiopia stilna frå 2007: «Det er en politisk beslutning på regjeringsnivå at vi skal være venner med Etiopia. Det er realpolitikk, og har ingenting med menneskerettigheter og kamp for demokrati å gjøre».
- Dette er ein alvorleg påstand, som Tronvoll ikkje kastar fram utan grunn. Etiopia er regionalt eit svært viktig land. Ikkje minst har utviklings- og miljøvernminister Erik Solheim framheva Etiopias betydning og positive utvikling som klimapolitisk føregangsland. Norske reaksjonar mot fengslinga av dei to svenske journalistane i Etiopia har vore heller lunkne. No blir det trass i sterke åtvaringar frå menneskerettshald vurdert som forsvarleg å sende etiopiske flyktningar tilbake til eit diktatur som nyttar tortur mot regimekritikarar. Etiopia-kjennaren Stig Jarle Hansen trur at Etiopias økonomiske framgang kan stengje for andre problem.
- Vondt blir verre når Justisdepartementets statssekretær Pål Lønseth stadfestar at returavtale med Eritrea kan bli neste steg. Menneskerettssituasjonen i Etiopia er kritisk, men i Eritrea er den katastrofal. Dei tyngste menneskerettsorganisasjonane er samde om at regimet i Eritrea er blant dei mest undertrykkjande i verda. Sjølv om norske styresmakter vil ta dei vanlege atterhald om at ingen skal bli sende tilbake til fengsling eller tortur, verkar dette uråd å kontrollere på forsvarleg vis. Det er utruleg at ei regjering med Ap, SV og Sp i det heile tatt vurderer å inngå avtale om å tvangssende menneske tilbake til eit slikt regime. Medan toget er gått for avtalen med Etiopia, må vi kunne forlange så pass politisk skjønn at returforhandlingane med Eritrea blir skrinlagte.










