Tragedie

Mandag 23. januar, 2012
- Bergens Tidende har dei siste dagane fortalt den hjarteskjerande historia om 24 år gamle Garolin Nesaraja frå Sri Lanka, som døydde i brann ved eit asylmottak i Førde sist måndag, saman med sonen på 20 månader. Politiet trur at den unga kvinna stifta brannen som ei sjølvmordshandling. Stutt tid før Garolin døydde hadde ho fått endeleg avslag frå Utlendingsnemnda (Une) på søknad om å få bli i Norge, etter å ha kjempa i meir enn fem år. Bistandsadvokat Kristine Aaare Hånes seier til BT at dette er ein djup tragedie, som ingen ende ville ta frå den dagen Garolin kom til Norge: «Hun kom for å få beskyttelse og trygghet. Så ble livet hennes bare verre her».
- Forhistoria er lang og dramatisk. Den unge kvinna voks opp i ein fattig tamilfamilie i Jaffna, og skal ha vorte verva av Tamiltigrane medan borgarkrigen raste. Ho kom på kant med den militante separatistrørsla, og rømte til Norge, der ho hadde fjerne slektningar i Bergen. Etter store konfliktar og skuldingar om menneskehandel flytta ho tilbake til asylmottaket i Førde, der ho våren 2010 fekk ein son med ein kurdisk asylsøkjar. I fjor haust vart hennar einaste søster drept i heimen sin i Jaffna. Men Une konkluderte med at det ikkje var fare for utnytting eller forfølging dersom Garolin reiste tilbake til Sri Lanka.
- Norge skal ifølgje regjeringa føre ein streng og rettferdig asylpolitikk, men i dag er politikken og praktiseringa i embetsverket meir streng enn rettferdig. Det er vanskeleg å komme nokon veg, sidan Une eller regjeringa ikkje vil diskutere «enkeltsaker». Men heile asylsystemet består jo av enkeltsaker. Vi skal gje Justisdepartementets statssekretær Pål Lønseth (Ap), som regjeringa sender i krigen i desse sakene, rett i at det er vanskeleg å finne balansen mellom humanitære omsyn og ein praksis som avgrensar tilstrømminga av menneske som ikkje kvalifiserer til asyl etter regelverket. Men tragedien i Førde og den uverdige behandlinga av dei papirlause, inkludert rundt 400 barn, er blant mange døme på at Norge under den raudgrønne regjeringa har lagt seg på ein praksis som ville fått Fridtjof Nansen til å rotere i grava.










