Kryp ikkje

Torsdag 19. januar, 2012
- «Giske må krype for Stortinget», skriv Dagens Næringsliv håpefullt før næringsminister Trond Giskes utgreiing i Stortinget i dag, om basketaket med Telenor etter TV 2-salet. Opposisjonen er «på krigsstien». Høgres Jan Tore Sanner gjer sitt beste for å barske seg, som vanleg utan å skremme nokon. Kommentariatet har også denne gongen demonstrert sin flokkmentalitet ved å dømme Giske nord og ned, på grunnlag av overflatefenomen som den planta rykteflommen frå Lorry og flisespikking om sms-formuleringar. Samstundes har Giske støtte frå folket i motstanden mot TV 2-salet, frå regjeringspartnarane Sp og SV, og frå tunge miljø i Ap og fagrørsla. Han har ingen grunn til å krype for høgresida, og kjenner vi Giske rett, kjem han ikkje til å gjera det.
- Statsminister Jens Stoltenberg og LO-leiar Roar Flåthen har komme dårlegare ut av striden enn Giske. Flåthens iver etter å få seld TV 2-aksjane ut av landet strir mot sterke straumdrag i fagrørsla for nasjonalt eigarskap og ein meir aktiv statleg eigarskapspolitikk. Stoltenberg skulle ikkje late seg bruke av Telenor-styreleiar Harald Norvik i bakhaldsåtaket på hovudeigaren, statsråden i Næringsdepartementet. Vi ventar no at han stiller aktivt opp for Giske under opposisjonens stormløp, og ikkje nøyer seg med mumling om at Giske har tillit. Hadde han ikkje det, måtte han jo gå på dagen.
- Grunnen til hysteriet på høgresida er at Giske har utfordra passiviteten som gjennomsyrer det statlege eigarskapet i delprivatiseringas tid. Utfordringa er så formasteleg at den må knusast med alle middel, og når det råkar ein av venstresidas frontfigurar i Arbeidarpartiet, er det rein bonus. I den første stortingsperioden med raudgrønt styre var det mykje debatt om statleg eigarskap, med press frå fagrørsla og langt inn i Ap for å opptre meir aktivt i styring av selskap med staten som hovudeigar. No har dette forstumma, og Giskes problem er at retninga han har følgd i TV 2-striden, har tapt. Derfor har han i striden med Telenor-styret møtt seg sjølv i døra, men han har ikkje handla slik at Stortinget har grunn til å blåse seg opp.










