Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525

Tvilen

Tvilen

Torsdag 5. januar, 2012

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Den psykiatriske rapporten som slo fast at Anders Behring Breivik er strafferettsleg utilrekneleg har utløyst ein omfattande og temmeleg oppheita debatt sidan han kom i november. Psykiatrar, juristar og andre fagfolk har sett spørsmålsteikn og sådd tvil om konklusjonane til dei sakkunnige. Men først og fremst har rapporten og debatten om han skapt allmenn tvil og uvisse om korleis Breivik vil og bør bli møtt av rettsapparatet. Mange har vanskeleg for å slå seg til ro med at psykiatrane sine vurderingar av at Breivik ikkje er tilrekneleg. Fleire bistandsadvokatar har varsla at dei vil krevje ein ny psykiatrisk rapport, i samband med at fristen for dette går ut i morgon.
  • Tvilen fekk ny næring denne veka. Tre psykologar og ein psykiater som har hatt ansvar for å følgje opp Breivik i Ila fengsel, har heilt andre vurderingar enn dei rettspsykiatriske ekspertane. Desse fagfolka meiner at Breivik verken er psykotisk, schizofren eller suicidal, etter å ha følgd han tett sidan august. Dette har styrkt argumenta for at retten må få utarbeidd ein ny sakkunnigrapport.
  • Det er slett ikkje sikkert at Breivik kan straffast, sjølv om det skulle komma ein ny rapport som meiner han er tilrekneleg. Riksadvokat Tor-Aksel Busch har nemleg allereie gått langt i å slå fast at retten likevel vil sjå på Breivik som utilrekneleg. Grunnen til dette er rettsprinsippet om at tvilen skal komma tiltalte til gode, og at det i denne samanhengen inneber behandling framfor straff.
  • Situasjonen er paradoksal: Tvilen om Breivik er tilrekneleg kan tvinge fram ein ny sakkunnig-rapport. Men sjølv om ein ny rapport skulle gi ein annan konklusjon, treng ikkje dette få følgjer for rettens vurdering av om Breivik er tilrekneleg. Dersom dragkampen om dei psykiatriske vurderingane skulle ende på denne måten, er det fare for at folkets tillit til Breiviks rettsprosess vil bli svekt. I rettsapparatet vil tvilen kunne komma Breivik til gode, mens den same tvilen kan svekkje den folkelege rettskjensla.
Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT