Mandag 8. august 2011
Fjordman jobba i Hebron
BLOGG: Peder Are Nøstvold Jensen, kjent som Fjordman, jobba som observatør i Hebron på Vestbreidden. Kollegaene skjønnar ikkje korleis han kunne verte islamofob og Israel-ven etter å ha hatt den jobben.

- Alle som drog til Hebron såg kva slags apartheidsystem israelarane dreiv. Eg skjønnar ikkje korleis nokon kunne verte så ureflektert Israel-forsvarar etter å ha sett det.


Det seier ein person som jobba i lag med Peder Are Nøstvold Jensen, kjent som den islamkritiske bloggaren Fjordman, i Temporary International Prescence (TIPH) i Hebron i 2002.


Rapporterte overgrep


- TIPH er ein uvæpna observatørstyrke som skal rapportere overgrep mot både israelske nybyggjarar og palestinarar. Observatørane køyrer eller går rundt i byen og leverer rapportar til Israel, til palestinske styresmakter og til det internasjonale samfunnet, fortel Rolf Andreas Vestvik, informasjonssjef i Flyktningehjelpen.


Organisasjonen skjøttar på vegner av Utanriksdepartementet det norske bidraget til TIPH. Vestvik stadfestar at «Fjordman» jobba som observatør i Hebron frå starten av 2002 til sommaren 2003.


- Han utmerkte seg ikkje på nokon spesiell måte, korkje i den eine eller andre retninga. Han fekk forlenga opphaldet sitt, og det indikerer at det ikkje var nokon negative merknader til arbeidet hans der nede, seier Vestvik til NTB.


Einstøing, men ikkje rabiat


Klassekampen har prata med fleire som jobba med Jensen i den aktuelle perioden. Av omsyn til arbeidsplassen og til Jensen vil dei vere anonyme. Alle er samde om at Jensen ikkje markerte seg som nokon stor islamfiende i Hebron, sjølv om han seinare skulle verte ei leiestjerne for det internasjonale, islamofobe bloggarmiljøet.


- Det hendte han sa ting vi reagerte på; kategoriske fråsegn om at arabarar og muslimar var slik og slik. Men han kom ikkje med rabiat retorikk, og gav ikkje uttrykk for at muslimane har ein plan over å ta over den vestlege verda. For somme stod han fram som noko av ein einstøing, men det var alt, fortel ein annan kjelde frå TIPH-tida.


- Rart å verte Israel-ven


Dei som hugsar Jensen klør seg i hovudet over at ein person som jobba med å rapportere trakassering av særleg palestinarar kunne verte ihuga Israel-ven, slik Jensen fleire gonger har skildra seg som på bloggen sin.


- Å jobbe i TIPH var ein grei jobb for folk som kom rett frå arabiskstudiane, slik som Jensen. Men dei fleste vart fort palestinavener ganske raskt, litt som dei norske soldatane som såg korleis israelarane fór fram i Libanon på 80-talet. Nær sagt alle overgrepa vi såg, var frå israelsk militære og nybyggjarar mot palestinarar, seier Klassekampens kjelde.


«Gamlebyen» i Hebron på Vestbreidda er per i dag okkupert av staten Israel. Der bur det om lag 30.000 palestinarar og 500 israelske nybyggjarar. I motsetnad til slik det er i andre okkuperte område bur israelske settlarar og palestinarar svært tett, somme stader i ulike etasjar i same bygard. Over somme av gatene har palestinarane sett opp hønsenetting for å verne seg mot møblar og stein som israelarane i toppetasjane kyler ned på dei. TIPH har fleire gonger kritisert det israelske militæret for å ha trakassert palestinarar i dei 16 sjekkpunkta dei må gjennom for å komme seg att og fram.


I perioden Jensen arbeidde for TIPH var palestinarane i gong med sitt andre store opprør - intifada - og stemninga skal ha vore spent mellom partane.


Allereie radikalisert


Peder Are Nøstvold Jensen stod fram med fullt namn og bilete i VG fredag.


Terrorsikta Anders Behring Breivik, som drap 77 menneske i to terroråtak den 22. juli, siterer flittig Jensen i sitt «manifest», og fleire av dei 1500 sidene er reine opptrykk av innlegg Jensen har skrive.


Straks etter terroraksjonen omtala Jensen på nettstaden Gates of Vienna statsminister Jens Stoltenberg som ein slave (dhimmi) for islam. Jensen er tilhengar av «Eurabia»-konspirasjonsteorien; at vestlege styresmakter samarbeidar med muslimar om å islamifisere Europa.


Jensen har uttala til VG at han innsåg kor farleg islam var etter 11. september. Etter eigne ord var han dimed allereie islamkritisk då han arbeidde i Hebron i 2002.


Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.42
Lørdag 25. februar 2017
UENIGE: Sp vil separere kommunene som blir slått sammen med tvang, dersom de vinner valget. Men ordførerne er skeptiske til skilsmisseplanene.
Fredag 24. februar 2017
KAMP: Erna ­Solberg motsatte seg Riksrevisjonens ønske om å offentliggjøre en ugradert rapport om beredskap etter 22. juli. Regjeringen vil i stedet offentliggjøre en mindre kritisk rapport.
Torsdag 23. februar 2017
PLAN: 9 av 19 fylker tvinges til sammenslåing i regionreformen. Geir Toskedal i KrF varsler at enda flere fylker kan bli tvunget sammen.
Onsdag 22. februar 2017
ÅPENT: Flertallet av Aps fylkesledere holder døra på gløtt for samarbeid med Venstre. Men lederen i Sør-Trøndelag mener partiet har «plassert seg mellom Høyre og Frp» i viktige spørsmål.
Tirsdag 21. februar 2017
NABOER: Tre av fire i Nord-Norge mener myndighetene må gjøre noe for å bedre forholdet til Russland.
Mandag 20. februar 2017
(KL)APPAR: Høgre-topp Heidi Nordby Lunde oppmodar Uber-sjåførar til sivil ulydnad mot eksisterande lovverk. Sjåførane risikerer fleire former for straff.
Lørdag 18. februar 2017
KURSENDRING: Framtidas forsvar av Norge kan komme til å gi opp tunge stridsvogner og satse på missiler og raketter som skal avfyres langt unna fiendens linjer.
Fredag 17. februar 2017
UTSATT: Rødt og Høyre er kritiske til at byrådet i Oslo bruker for lang tid på å behandle Veireno-saken. Nå blir saken i Oslo bystyre utsatt en måned.
Torsdag 16. februar 2017
DIKTATOR: – Det vil være nær umulig for Donald Trump å gjøre seg til en amerikansk diktator, sier professor Øyvind Østerud. Han mener analysene av Trump er preget av alarmisme.
Onsdag 15. februar 2017
UTBYTTE: Et enstemmig årsmøte i Trondheim Ap ber landsmøtet i partiet innføre forbud mot utbytte i barnehagesektoren.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk