Tynn tråd

Mandag 1. august, 2011
- Litteraturprofessor Tore Rem skriv i Aftenposten om korleis åtteåringen hans møter formaningane frå dei vaksne om at vi må møte vondskapen med kjærleik og forsoning: «Pappa, det henger i en tynn tråd å tilgi han derre der». Ja, det heng i ein tråd så tynn at den vil ryke for mange. Drapsmannen har påført svært mange menneske sorg og skade i eit slikt omfang og med ein slik grotesk brutalitet at han ikkje kan rekne med tilgjeving. Raseri og hemntankar er naturlege kjensler, som kan vekse seg sterkare når den lammande sorga kjem meir på avstand.
- Det er likevel avgjerande at rettsstatens prinsipp skal gjelde, også ved så uhyrlege brotsverk. Dette skal vera ein del av svaret, som skal vise at det norske samfunnet er på eit heilt anna sivilisasjonsnivå enn gjerningsmannen og det forskrudde verdsbiletet hans. Derfor er det uaktuelt å skjerpe straffenivået for å råke dei konkrete ugjerningane, sidan nye lover ikkje skal kunne ha tilbakeverkande kraft. Og derfor vil det også vera uheldig å nytte denne ekstreme situasjonen til drøfting av generell skjerping av straffenivået. Justisminister Knut Storberget har opna for dette, sjølv om han presiserer at han berre inviterer til ein debatt. Det er alt vedteke å heve strafferamma for grove terrorhandlingar til 30 års fengsel, men dette er enno ikkje gjeldande lov. I dag er det berre lovparagrafen om brotsverk mot menneskeslekta som kan gje 30 år, og dei fremste jussekspertane i landet er usamde om påtalemakta bør gripe til denne paragrafen når tiltalen blir utforma.
- Justisministeren og regjeringa kjenner utvilsamt press frå ein opinion som av naturlege grunnar reagerer på at slike handlingar kan ha 21 år som maksimal straff. Men også i denne saka gjeld mantraet om at det er ei tid for alt. Jussprofessor Asbjørn Strandbakken seier at ugjerninga er så grufull og eineståande at den ikkje bør få påverke det generelle straffenivået. Det er som filosofen Einar Øverenget skriv i Dagens Næringsliv - det er ingen grunn til å gje slike som den norske storterroristen makt til å endre samfunnet.










