Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524

Farleg språk

Farleg språk

Lørdag 30. juli, 2011

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

Den svenske forfattaren Ola Larsmo, som er leiar av svenske PEN og som fekk Bjørnsonprisen i 2008, skriv i Dagens Nyheter om korleis språket kan bane vegen for massemord. Det er neppe råd å finne ei enkel forklaring på vanvitet sist fredag, heller ikkje i språket. Men det blir no frå mange hald retta søkjelys mot langtidsverknadene ei aggressiv og hatefull språkføring - såkalla «hatespeech» - kan ha for å flytte grenser på nesten usynleg vis. Larsmo minner om hetsen mot innvandrarane i Sverige på 1990-talet, som forandra samfunnet langt meir dramatisk enn dei som stod midt oppe i det då kunne forstå.

Tidlegare Oslo-biskop Gunnar Stålsett har eit tilsvarande bodskap, når han i Klassekampen i dag seier det vil vera eit svik mot ofra frå 22. juli 2011 om norske politikarar vender tilbake til ein ekskluderande og stigmatiserande retorikk. Her er det lettast å rette peikefingaren mot Framstegspartiet, men Stålsett refsar også ordbruken regjeringa har gripe til for å rettferdiggjera innstrammingar i asylpolitikken. Han seier at retorikk skaper nye realitetar, og at det er naudsynt å bli meir kjenslevar for stigmatiserande språkbruk.

Det er mange historiske døme på at langvarig, negativ språkleg stempling byggjer opp fiendebilete som riv ned sperrar mot vald og overgrep. Ein treng ikkje gå til Nazi-Tyskland og holocaust, sjølv om «Goebbelspropaganda» er eit omgrep som blir ståande. I den uhyggjeleg realistiske spelefilmen «Hotel Rwanda» ser vi korleis hutu-militsen piskar opp stemninga ved hyl og skrik i radiosendingane om tutsiane som «kakerlakkar», før blodbadet startar. Ein kakerlakk er lettare å trakke under foten enn grannen som er tutsi. Ola Larsmo hentar fram ei skildring av den kroatiske forfattaren Slavenko Drakulic, om korleis serbiske soldatar i fleire timar før massakren i Srebrenica hissa kvarandre opp ved å snakke ned menneskeverdet til sine muslimske offer. Larsmo har ikkje tru på språklege forbod eller sensur, men meiner at alle har sin del av ansvaret: «Det er ein kamp om ord. Kvar dag må vi tenkje på korleis vi nyttar dei».

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT