Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Undertrykt?

Dagens leder

  • Ein del av drapsmannens rettferdiggjering av massakren og terrorbombinga har vore at synspunkta hans ikkje har fått komme fram på normalt vis. Ut frå politiforklaringar og det såkalla «manifestet» hans får ein nærast inntrykk av at han gjekk berserk mot barn, unge og tilfeldige sivile fordi han ikkje fekk inn krigsretorikken sin som innlegg i avisene. Dette går inn i ein mytologi om at kritikarar av innvandring, islam og multikulturalisme ikkje kjem til orde, slik at ekstreme ytringsformer har vorte framprovoserte. «Jeg har hatt en fortvilet følelse av å stå på sidelinja og rope, og ikke bli lyttet til», seier redaktør Ole-Jørgen Anfindsen i den sterkt innvandringskritiske nettstaden honestthinking.org til Klassekampen.