Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524

Undertrykt?

Undertrykt?

Fredag 29. juli, 2011

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

n Ein del av drapsmannens rettferdiggjering av massakren og terrorbombinga har vore at synspunkta hans ikkje har fått komme fram på normalt vis. Ut frå politiforklaringar og det såkalla «manifestet» hans får ein nærast inntrykk av at han gjekk berserk mot barn, unge og tilfeldige sivile fordi han ikkje fekk inn krigsretorikken sin som innlegg i avisene. Dette går inn i ein mytologi om at kritikarar av innvandring, islam og multikulturalisme ikkje kjem til orde, slik at ekstreme ytringsformer har vorte framprovoserte. «Jeg har hatt en fortvilet følelse av å stå på sidelinja og rope, og ikke bli lyttet til», seier redaktør Ole-Jørgen Anfindsen i den sterkt innvandringskritiske nettstaden honestthinking.org til Klassekampen.

n Medan Siv Jensen og andre på sentralt nivå i Framstegspartiet nyttar den politiske unntakstilstanden til å setja opp sin mest foruretta mine når partiets medansvar for eit forpesta klima blir trekt fram, er Anfindsen prisverdig audmjuk etter terrorhandlingane. Det same gjeld Frps ordførar i Askøy, Knut Hanselmann, som seier til Bergens Tidende at partiet bør dempe språkbruken og slutte å snakke om at innvandring øydelegg norsk kultur. Men ein markant islamkritikarar som tidlegare Høgre-politikar Hallgrim Berg er spent på om statsministeren etter tragedien vil «gi etter for en del aktører som helt tydelig vil snevre inn ytringsrammene i Norge».

n Uansett kven Berg siktar til med denne halvkveda visa, gjev dette næring til den same mytologien. Berg sjølv og sentrale Frp-folk er blant dei som har hatt raud løpar til nyheits- og aktualitetssendingar med den eine dystopien verre enn den andre om det fleirkulturelle samfunnet. Medieforskar og skribent Elisabeth Eide seier til det antifascistiske tidsskriftet Searchlight at somme element har funne ut at det gjev makt å opptre med ein offerretorikk, som ho meiner forgiftar den politiske debatten. Ho avviser at forskrudde sinn kan utvikle seg fordi det ikkje har vore debatt og argument. Tvert om har det grodd fram eit klima som har gjeve massemordaren ei kjensle av å ha mange med seg, som ho seier.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT